Hopp til innhold

Fleire rømte laks enn venta

Opptelling som eigaren Lingalaks har gjort, syner at heile 36 700 laks har rømt frå anlegget i Hardangerfjorden. Rømminga vart oppdaga tysdag denne veka, og gjenfiske blei starta med ein gong. På to dagar er over 3000 rømt laks fanga igjen.