Hopp til innhold

Ein person skadd etter brann

Ein person er skadd etter brannen i eit trehus i Salhus måndag morgon, ifølge politiet. Alle som var inne i huset er evakuert. – Det var sju personar i huset då brannen oppstod. Dei har kome seg ut av huset. Ein skal vera skadd, men eg veit ikkje kor alvorleg det er, seier Terje Magnussen i Vest politidistrikt.