Hopp til innhold

Blir obdusert i morgon

Levningane etter eit menneske som vart funne i Åsane i ettermiddag blir i kveld frakta til Gades institutt. Rettsmedisinske undersøkingar blir gjort måndag. Krimteknikarane er framleis på funnstaden og jobbar. – Dei vil halda på litt til, og så skal me ha vakthald på staden i natt. I morgon tidleg tar me opp att undersøkingane, seier Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.