Aggressive nynorskfolk skremmer bokmålsforkjemparar på Askøy. Mens mållaget opplever hets på stand.
På måndag skal det avgjerast kva målform som skal råda grunnen som hovudmål på dei to nordlegaste skulane i kommunen.
Då går innbyggjarane til valurnene i ei lokal folkeavstemning for å avgjera om det vert nynorsk eller bokmål - og striden har hardna til.
I forkant av valet kjempar grupper på båe sider av språkkløfta ein innbitt valkamp med plakatar og flygeblad.
Redd for nynorskfolket
For bokmålsforkjemparane vågar ikkje stå fram med namn i frykt for represaliar, skriv
.Bokmålsforkjemparane i «Strilar for bokmål»fortel at dei ser seg nøydde til å vera anonyme for å skåna barna sine.
– Nynorskfolk er aggressive, dei har ein sterk organisasjon og er sterke i media. Både eg og dei andre i gruppa har barn, så me vil ikkje seia kven me er, fortel ein mann i gruppa til avisa.
– Etter førre folkerøysting var det fleire som vart mobba vekk frå bygdene i nord, hevdar mannen.
– Horribelt
– Me blir sinte og fortvila over påstandene. Me har ikkje truga folk til tausheit, me er saklege når me fortel om saka vår, seier leiar Vigleik Dyrøy i Askøy mållag.
– Me har derimot opplevd at folk er aggressive mot oss, kallar nynorsk for grautmål, og oppfører seg på ein slik måte at me må gå vekk for å få fred.
Dyrøy har ikkje mykje til overs for måten bokmålsforkjemparane driv valkamp på.
– Dei er anonyme, feige og kan ikkje bli tekne seriøst i det heile tatt. Dei seier sjølv at dei vil vera ein «skjult fiende» mot oss. Gruppa opptrer som ein merkeleg liga som kjem fram i mørkrets frambrot.
No vonar Dyrøy og mållaget at dei anonyme påstandane ikkje vil øydeleggja for valet på måndag.