Hopp til innhold

Vil forhindre ungdomsvald

Politiet vil nå prioritere arbeidet med å forhindre vald i ungdomsmiljøa på Hadeland. Fredag vart to ungdommar frå Gran skadd etter angrep med balltre.

- Dette har høg prioritet for oss. Vi opplever ein del slike valdsepisodar på Hadeland, og ynskjer nå at ungdom skal bli flinkare til å melde frå om slike opplevingar, seier politifyrstebetjent Olaf Haakenstad.

Til sjukehus

Det var fredag to ungdommar vart lettare skada etter at fire ungdommar frå Oslo angrep dei med balltre i skuletida. Angrepet skjedde inne på området til Hadeland vidaregåande skule, avdeling Gran. Ein av dei mishandla vart sendt til sjukehus i Oslo.

- Folk begynte å skrike og det kom til panikk. Eg såg ingenting, men høyrte at nokon hadde pistol, og da vart eg veldig redd, seier elev Jeanette Haugen.

Forskansa seg i klasserommet

Det som såg ut som eit våpen skulle vise seg å vere eit leiketøy. Haugen og medelevane stengde seg inne på klasserommet, men fekk snart besøk av ein av overgriparane.

- Ein av dei var utstyrt med ein t-linjal. Da vi spurte han kvifor dei gjorde dette fekk vi til svar at det var som hemn for ei tidlegare valdsepisode, seier Haugen.

Meld frå

- Ungdommen må ikkje prøve å ta saken i eigne hender. Meld frå til oss så skal vi prøve å få orden på slike saker på ein fornuftig måte, sier politifyrstebetjent Haakenstad.