Les meir om folkeavstemminga i Valdres her!
Les også: Ordførarane legg seg flate
Måndag kveld sa eit stort fleirtal av valdrisane nei til å slå saman Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Berre i Nord-Aurdal sa innbyggjarane ja til ei storkommune.
Nå slår ordførarane sterkt attende.
Svein Erik Hilmen er ordførar i Nord-Aurdal og var den einaste som hadde ja-fleirtal i sin kommune. (Foto: Tone Merete Tho/NRK)
- Vi vil frårå alle andre til å prøve å realisere planer om kommunesamanslåing, seier dei fire ordførarane Svein Erik Hilmen (Sp) i Nord-Aurdal, Knut Torgersen (Ap) i Sør-Aurdal, Gro Lundby (Ap) i Øystre Slidre og Eivind Brenna (Bygdalista) i Vestre Slidre.
Kvar er politikarane?
Dei fire ordførarane kom med krass kritikk mot sentrale politikarar under ei pressekonferanse tysdag formiddag.
- Vi har ikkje fått noko støtte, sentrale politikarar har vore totalt fråverandra, klaga ordførarkvartetten.
- Vi har også fått utruleg lita støtte frå kommunaldepartementet, seier Svein Erik Hilmen (Ap). Han meiner Stortinget må ta ansvar og avgjera korleis kommunestrukturen skal vera i framtida.
- Før dei har gjort det, og før dei har avklart kva som skal skje med fylkeskommunen, er slike samanslåingsprosjekt heilt håplause, seier Hilmen.
- Må avlyse prosjekt
- Vi har verkeleg sakna drahjelp frå kommunaldepartementet, seier Gro Lundby (Ap).
Kommunalminister Erna Solberg seier til NRK at løpet ikkje er kjørt for Valdres, og at det framleis kan bli ei storkommune.
Knut Torgersen, ordførar i Sør-Aurdal, veit ikkje korleis han skal tolke utspelet frå kommunalministeren. (Foto: Tone Merete Tho/NRK)
- Akkurat det veit eg rett og slett ikkje korleis eg skal tolke, seier Knut Torgersen (Ap).
Kommunenes Sentralforbund har eit prosjekt om kommunestrukturen i framtida, - eit prosjekt Eivind Brenna (Bygdalista) meiner at ikkje lenger har livets rett.
- Når ein ser korleis det gjekk i Valdres bør KS-prosjektet leggjast på is, seier Brenna.
- For stor oppgåve
- Denne oppgåva er altfor stor for lokalpolitikarane, meiner Svein Erik Hilmen, ordføraren i Nord-Aurdal som var den einaste kommunen med ja-fleirtal i den rådgjevande folkeavstemminga.
- Vi treng støtte, og det har vi ikkje fått, seier Hilmen.
Kvifor vart det nei?
Resultatet frå den rådgjevande folkeavstemminga blir nå lagt fram for dei fire kommunestyra, men alle ordførarane gjer det klart at dei ikkje kjem til å be om ei kommunesamanslåing nå.
Derimot vil dei leige inn forskarar for å finne ut kvifor resultatet vart som det vart på folkeavstemminga. I kommunar som Vestre og Øystre Slidre var det mellom 80 og 90 prosent av innbyggjarane som sa eit bastant nei til storkommune i Valdres.
- Vi må utvikle regionsamarbeidet slik at det blir betre enn det er i dag, sa dei fire ordførarane Lundby, Hilmen, Brenna og Torgersen.