- Opnar dei ikkje vegen i kveld, snur vi og kjører over Filefjell. Men vi håpar og trur at vegen opnar snart, seier Anne Bjerke.
Ho og ektemannen Øyvind er av dei mange som vart ramma av uværet på veg på juleferie. Og ingen skal klage over tålmodet deira, dei har nemleg venta sidan klokka 7 onsdag morgon på at riksveg 15 over Strynefjellet skal opne.
Dårleg sikt i brøytebilen på Strynefjellet.
- Ikkje opplevd maken på 32 år
Ekteparet kom til Billingen i Skjåk etter å ha kjørt heile natta. Men dei var for seint ute. Bommen var stengt, og ingen fekk kjøre over fjellet på grunn av sterk vind og rasfare.
Det var både overraskande og skuffande for dei to, som er på veg frå heimbyen Kongsberg til julefeiring i Ålfoten i Bremanger.
- Det er bittert. Vi har kjørt denne vegen mange gonger i 32 år. Men det er fyrste gong eg har opplevd dette, seier Anne Bjerke.
Tek problema med godt humør
Ho vil helst ikkje kjøre rundt, men vente og sjå om vegen blir opna for ferdsel.
- Vi slappar av. Vi var ein tur nede i Bismo i Skjåk og åt middag. Nå drikk vi kaffe, og har ikkje byrja å krangle enda, humrar Bjerke, som tek værproblema med godt humør.
Usikkert om vegen opnar i dag
Riksveg 15 over Strynefjellet var onsdag kveld stengt, det same var riksveg 51 over Valdresflya og riksveg 53 mellom Tyin og Årdal.
- Det er usikkert om vi kan opne vegen i dag. Eg tør ikkje lova noko, seier Einar Randen, driftsansvarleg for Mesta i Nord-Gudbrandsdal.