Mannnen truga med at han hadde engasjert to jugoslavar til å utføre drapet for 3.000 kroner. Han er og dømd for å ha kome med trugsmål mot ein saksbehandlar og ein politimann.
Halvparten av straffa er gjort på vilkår.
Forstyrra tilsette
I tillegg til desse punkta, er han og dømd i høve til lausgjengerlova.
Fire gonger i år har han troppa opp full på rådhuset på Lena. 8. mars drakk han raudsprit, kjefta på dei tilsette og sjenerte dei som kom på besøk til kommunen.
Han gjorde det same berre ei veke seinare. I april i år kravde han å få utbetalt sosialstønad, samstundes som han drakk raudsprit.
Fleire tilsette ved kommunehuset har kjend seg trakassert og følt at han har vore til stor sjenanse.