Frå hausten skal du kunne bruke eitt einaste lånekort uansett kva bibliotek du brukar.
I Oppland har dei fem kommunane i Gjøvikregionen allereie sett i gang. Sidan midten av februar har seks bibliotekarar innført lånekortet som skal gjelde i heile landet.
Bibliotekar på Lena i Østre Toten, Bozena Dyste har hatt stor pågang av folk som vil ha det nye lånekortet. (Foto: Jorun Vang/NRK)
Stor interesse
- Det har vore stor interesse for det nye lånekortet, seier bibliotekar Bozena Dyste på Lena i Østre Toten.
- Vi har fleire brukarar som nyttar opptil tre ulike bibliotek, og nå slepp dei tre lånekort, forklarar ho.
Flytter du slepp du å skaffe deg nytt lånekort.
Internettportal
Oppland er langt framme når det gjeld å samle biblioteka. I tillegg til det nye lånekortet skal fylket frå hausten få ein felles internettportal.
- Det er viktig at biblioteka samarbeider om utfordringane, seier biblioteksjef Gunnhild Aalstad i Østre Toten.
Ingrid Dahl Åsveen brukar to bibliotek fast. Nå får hun eitt lånekort til båe. (Foto: Jorun Vang/NRK)