Jenta gjekk ut på tur i går ettermiddag, men vart overraska av tåke og fann ikkje vegen attende til Fondsbu i Vang i Valdres.
God form
Mannskap frå Røde Kors og politiet leitte heile natt til torsdag etter jenta, og hadde kontakt med ho på mobiltelefon.
Operasjonsleiar Jan Larsstuen i Vestoppland politidistrikt seier jenta var i fin form da folk frå Røde Kors og politiet fann ho.
Den sakna jenta heldt kontakt med redningsmannskapet via mobiltelefon.
Regn og vind
-Jenta var ved godt mot, og fekk litt varm drikke og tørre klede av redningsmannskapet, seier Larsstuen.
17-åringen tykte det gjekk greit i natt da ho forstod at det var folk ute og leitte. Men det vart ei kald oppleving med regn og vind.