Hopp til innhold

Rådyra kan få kjempeproblem i vinter

Temperaturane skiftar frå pluss til minus og på markane blir det danna ei solid ishinne. Gras og andre vekstar blir kapsla inn og dyra får ikkje tak i mat. Det kan bli magre tider for rådyra denne vinteren.

Rådyr

Dette rådyret på Rena hadde store problem med å kome seg gjennom islaget for å finne fôr på bakken.

Foto: Tore Hauge

Tore Hauge kjenner naturen på Rena godt. Og no er han uroa over korleis det skal gå med rådyra i vinter. Sjølv rådyr-eksperten har problem å halde seg på føtene på den glatte isen som har danna seg dei siste dagane.

– Dette blir som Bambi på glattisen, seier han når han forsøker og kome seg opp den slake bakken.

Tore Hauge

Tore Hauge undersøkjer den harde ishinna som dekkjer bakken på opninga i skogen. Her er det umogleg for rådyra å kome seg ned til maten dei er så avhengige av.

Foto: Anne Næsheim / NRK

Ei solid ishinne

Det er fire plussgrader på Rena denne dagen i slutten av november. Regnet pøsar ned. Like før kom det 40 centimeter snø.

– Plussgradene har gjort snøen blaut. Og no kjem han til å fryse. Då kan du sjølv tenkje deg kva problem rådyra får når dei skal få tak i mat frå bakken, seier Hauge.

Forbod mot å legge ut fôr

Rådyra har spinkle bein og isen blir knallhard. Før var det lov å gje fôr til vilt i slike situasjonar. No har Mattilsynet lagt ned forbod mot dette. Årsaka er frykt for at skrantesjuke skal spreie seg blant hjortevilt. Og Mattilsynet kjem til å praktisere forbodet strengt ved starten av vinteren, men vil følgje med på korleis tilhøva utviklar seg.

– Når det kjem ein ny sjukdom må vi vere svært strenge. Så kan vi sleppe litt meir opp når vi har lært litt meir om situasjonen, seier direktør for plantar og dyr Karen Johanne Baalsrud i Mattilsynet.

Rådyr

Rådyra er framleis i god form. Men dei går magrare tider i møte om dei ikkje får nok fôr.

Foto: Tore Hauge

– Nytt problem

I fagmiljøa spreier det seg alt no ei uro for korleis særleg rådyra skal klare seg denne vinteren. Professor i viltforvalting, Torstein Storaas, er éin av dei som er uroa.

– Vintrane har blitt milde og kalde om kvarandre. Når det blir snø med påfølgjande regn og kuldegrader med skare og is, då blir det vanskeleg for rådyr å få tak i mat. Tidlegare var dette ikkje noko problem. Då kunne dyrevener og andre legge ut fôr til rådyra, seier professoren.

– Må få lov til å hjelpe

Tore Hauge har bygd seg hus i skogen på Rena. Han ser rådyr dagleg. Han vonar det blir lov å mate rådyra dersom is kjem til å kapsle inn fôret gjennom resten av vinteren.

– Vi må få lov til å hjelpe dyra gjennom slike vanskelege forhold. Vi er framleis tidleg på vinteren. Om dyra byrjar å slite alt no då kan vi berre tenkje kva vanskar dei får seinare på vinteren, ikkje minst under vårknipa i mars og april. Då slit dei verkeleg, seier Hauge.

Flere saker fra Innlandet