Hopp til innhold

Positivt med skiløyper

Reiselivsbedriftene på Høvringen i Rondane er tilfredse med at det blir opna for brøyting av skiløyper heile sesongen i nasjonalparken i den nye forvaltningsplanen.

Skiløyper
Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

Fylkesmennene i Hedmark og Oppland la onsdag fram det endelige forslaget til forvaltningsplan for Rondane og Dovre.

I det nye forslaget kan skiløyper køyrast opp tidlegare på vinteren på grunn av jule- og nyttårsgjester i fjellet. Tidsrommet for løypekøyring er også utvida til over påske, eller til 20. april.

Hans Svastuen ved Putten Seter godt tilfreds med at avgrensingane ikkje vart så omfattande som i det første forslaget.

Møtt med forståing

- Når det gjeld løypekøyring har vi vorte møtte med stor forståing, ønska våre er nå i stor grad etterkome, seier Svastuen. - Skiløyper er det viktigaste produktet vårt vinterstid.

Fylkesmennene forslår vidare eit totalforbod mot kiting, eller skiløping med drake. Det er liker turistnæringa dårleg.

Forslaget til plan skal nå til Direktoratet for naturforvaltning.