Rettsaka har gått i Oslo tingrett, og aktor sette ned påstand om seks og eitt år fengsel for to menn frå Hamardistriktet.
Dei to mennene er tiltalt for tjuveri, truslar og vald mot ein verkstadeigar på Vestoppland.
Det var 22. oktober i fjor at fire menn oppsøkte verkstad-eigaren, truga til seg bil og pengar, og slo han medvitslaus.
Truga
Ein av dei tiltalte hevda at verkstadeigaren skulda han 300.000 kroner, og truga med at det ville skje ting med han i løpet av få dager dersom han ikkje betalte beløpet.
Det heile enda med at mennene pressa verkstadeigaren til å gje frå seg to bilar; ein Audi A6 og en VW Passat.
Mennene truga også til seg om lag 14.000 kroner.
Besvimte
Men historia enda ikkje der. Etter at dei hadde fått bilar og pengar, tok dei med bilverkstadeigaren ut i verkstadlokalet og slo og sparka han slik at han besvimte.
Deretter tok dei han med ut i ein bil, kjørte ein tur og slapp han av omlag 200 meter frå heimen.