- Mange trur feilaktig at ei bot svir hardare, seier Grete Stabekk, leiar av Konfliktrådet i Oppland.
Ho seier fleire yngre folk vil seie unnskyld etter at dei har naska, skriv Lillehammer byavis.
- Då er det beklageleg at leiinga ved butikkane seier nei, seier Stabekk.
Svir meir enn bota
I følgje tal frå Konfliktrådet i Oppland var det i fjor rundt 27 anmeldte saker som egna seg for mekling i Lillehammer.
- Mange trur at ei bot svir hardt, men eit møte i mekling er ein meir virkningsfull lærepenge, seier Stabekk. Samstundes trur ho at det vil vere langt meir preventivt å møte butikkeigaren andlet til andlet framfor å få ei rekning i posten.
Enkelte butikker i Lillehammer har brukt Konfliktrådet med stort hell, blant dem er Europris.
- Eg trur absolutt bruket av konfliktrådet er ein god lærepenge. Tenk deg hvor surt det er å stå ein dag i butikken der du har naska, seier Bodil Haakenstad i Europris.
Stort svinn
Haakenstad seier dei kvart år har fleire hundre tusen kroner i svinn.
- Vi ynskjer ikkje større utgifter enn det vi allereie har, seier ho, som fortel at nasking tek mykje tid. For kvar einaste veke er det folk som prøver å ta med seg varer ut av butikken.
Haakenstad ynskjer seg eit fleksibelt konfliktråd som legg til rette slik at butikkane kjem minst mogleg til skade.