Hopp til innhold

MC-førar omkom etter kollisjon med bil

Ein motorsykkel kolliderte laurdag ettermiddag med ein bil på fylkesveg 21 i Eidskog. Føraren av motorsykkelen, ein mann i 60-åra, omkom i ulukka.

MC-ULUKKE: Ein person omkom etter å ha kollidert med ein bil på fylkesveg 21 i Eidskog.

– Det har vore ein front mot frontkollisjon, seier Dyre Antonsen ved Politiets operasjonssentral i Innlandet.

Ulukka skjedde kring klokka 15:40 laurdag ettermiddag på fylkesveg 21 i Eidskog kommune, rett vest for Vestmarka sentrum.

Mannen i 60-åra frå Akershus som køyrde motorsykkelen vart bekrefta omkomen av lege på staden kort tid etter ulukka.

Det sat ein person i bilen som kolliderte med motorsykkelen. Han skal ha verka uskadd etter kollisjonen, men vart køyrd til legevakt for ein sjekk, opplyser Antonsen.

Politiets kriminalteknikarar skal no undersøkje åstaden saman med ulukkesgruppa frå Statens vegvesen.

Vegen er stengd på staden, og omkøyring blir skilta.

Laster Twitter-innhold

Flere saker fra Innlandet