NRK Meny
Normal

Meir pengar til E6

800 personar møtte fram i Sør-Fron kulturhus måndag kveld, der temaet var ny E6 gjennom Gudbrandsdalen. Og samferdselsministeren lova meir pengar.

Liv-Signe Navarsete, samferdselsminister
Foto: Arvid Torsgard / Scanpix

Kravet om fortgang i arbeidet med å byggje ut E6 gjennom Gudbrandsdalen har samla 22 000 underskrifter.

Og oppslutninga om folkemøtet på Harpefoss vitnar om at saka vekkjer eit stort engasjement.

45 menneske har omkome på E6 mellom Lillehammer og Otta dei siste ti åra. Det gjer strekninga til dødsveg nummer ein i Noreg.

Navarsete lovar pengar

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete var til stades på møtet og fekk overrakt dei 22 000 underskriftene. På tampen av møtet kom ho så med sine lovnadar: 15 millionar kroner til prosjektet.

Pengane skal gjera at arbeidet med E6 kan stå på startstreken for å koma med i økonomisk transportplan, sa Navarsete.

Ordførar i Sør-Fron, Aksel Eng, var svært tilfreds, både med møtet og med lovnadane frå samferdselsministeren.