Mann fekk førarlaust vogntog over seg - kritisk skadd

Ein mann er kritisk skadd etter at han kom i klem under eit vogntog. Mannen er flydd til Ullevål sjukehus.

Mann havna under vogntog

KRITISK SKADD: Ein mann er kritisk skadd etter at han kom i klem under eit vogntog.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Like etter klokka åtte måndag morgon fekk politiet melding om ei arbeidsulukke på miljøstasjonen i Bagn i Sør-Aurdal i Oppland.

Ein mann hadde kome i klem under eit vogntog.

Det førarlause vogntoget hadde teke til å trille, og så hadde mannen hamna i klem under det.

Ole Tor Rogne, Fagernes lensmannskontor

LENSMANN: Ole Tor Rogne ved Fagernes lensmannskontor fortel at mannen er kritisk skadd, men at han var stabil da han var flydd frå ulukkesstaden.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Ole Tor Rogne ved Fagernes lensmannskontor fortel at det var sjåføren av vogntoget som sjølv hadde havna i klem under bilen. Han er no flogen til Ullevål sjukehus.

– Mannen er kritisk skadd, men han var stabil da han vart flydd herfrå med luftambulanse, seier Rogne.

Politiet har føreteke gransking av skadestaden, og dei vil hente inn fleire vitneforklaringar.

Ein mann kom i klem under vogntog

BYRJA Å TRILLE: Vogntoget hadde byrja å trille da mannen var ute av vogntoget.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Skal gå gjennom rutinar

Dagleg leiar ved Valdres kommunale renovasjon, Eivind Berg, fortel at det var i forbindelse med klargjering til opning av miljøstasjonen måndag at ulukka skjedde.

– Vi hadde to vogntog her for å tømme og klargjere til opning tysdag, seier Berg.

Ein annan sjåfør var til stades da ulukka skjedde. Han oppdaga raskt kva som hadde skjedd og fekk varsla naudetatane om hendinga.

Berg fortel at dei no skal gå gjennom rutinane sine.

– Vi må gå gjennom dette no å sjå om dette har noko med våre rutinar å gjere.

Arbeidstilsynet er varsla om ulukka.

Ein mann er kritisk skadd etter at ein førarlaus lastebil tok til å rulle.