Hopp til innhold

Manko på utanlandske snikkarar

Importen av tyske og polske bygningsarbeidarar har stoppa opp. No vil vikarbyråa utvide rekrutteringsområdet i Europa.

Mathias Schurig, tømrer fra Tyskland.
Foto: Jorun Vang / NRK

Vikarbyåret Adecco på Hamar har mellom anna skaffa Toten bygg og anlegg 20 vikarar frå Polen og Tyskland.

- No er det slutt på fagfolk derifrå. Derfor ynskjer vi å ta inn bygningsarbeidarar frå Sverige, Nederland og Latvia.

Rune Sørheim i Adecco på Hamar seier dei berre har gode røynsler med faglærte vikarar frå utlandet.

Arne Slettum i Toten Bygg og Anlegg.
Foto: Jorun Vang / NRK

Nøgde folk

Toten bygg og anlegg er mellom dei verksemdene som har importert flest vikarar den siste tida. Arne Slettum kan velje og vrake i vikarfirma som vil hjelpe til.

- Vi er heild naudt til å bruke vikarar, for hos oss er det travelt om dagen. Når vi i tillegg har ein del sjuke folk må vi bruke dei vi kan for å få oppdraga unna, seier Slettum.

Rune Sørheim i Adecco.
Foto: Jorun Vang / NRK

Slit no

Men det er ikkje berre lett å få tak i nok folk. Ved Adecco på Hamar fortel Rune Sørheim at dei satsar på kvalitet på sine vikarar.

- Det tek tid å få gode folk. Men så lengje vi ikkje finn nokon i Polen og Tyskland, må vi utvide horisonten. Difor vil vi no rekruttere folk frå Sverige, Nederland og Latvia, seier Sørheim.

Drog frå låg løn

Marhias Schurig drog frå låg løn og dårlege arbeidsvilkår i Tyskland. No byggjer han bustader på Gjøvik.

Han er mellom dei 70 som har fått arbeid i innalndet den siste tida. Han har fagbrev frå heimlandet og har fått fire vekers språkkurs og innføring i norsk arbeidsliv.

Flere saker fra Innlandet