Hopp til innhold

Lunner-kvinne drepen i København

Ei 42 år gammal norsk flyvertinne som tysdag vart funnen drepen på eit hotellrom i København, er frå Lunner.

Norsk kvinne funnet drept på hotellrom i Danmark
Foto: Kristian Juul Pedersen / SCANPIX

Grov vald

Lunner-kvinna døydde som følgje etter grov vald, opplyser Københavnpolitiet. Ho hadde skadar som gjorde at politiet straks fekk mistanke om at ho var drepen. Dei ser ikkje bort frå at det er brukt kniv.

Kvinnen som er tilsett i SAS, er busett i Lunner. Ho etterlet seg ektemann og to barn. Det stadfestar operasjonsleiar Trond Skjøll i Vest-Oppland politidistrikt, som seier at dei pårørande er informert.

Norsk flyvertinne drepen i København

Flere saker fra Innlandet