Det er medlemmane i bokklubbane som har stemt på Sletten Kolloen og biografien "Hamsun. Erobreren".
Kvart år kårer medlemmane vinnaren av den norske lesarprisen.
Blant 25 nominerte bøker var Ingar Sletten Kolloen si bok Hamsun. Erobreren mest populær blant lesarane. (Foto: Heiko Junge/Scanpix)
Går sjeldan til biografar
Blant 25 nominerte titlar i 2004 har over 6000 medlemmar sendt inn si stemme på den boka som har gjort størst inntrykk på dei i året som gjekk.
Prisen er på 50 000 kroner. Sletten Kolloen får dessutan dele ut ytterlegare 50 000 kroner til ein sjølvvald, lovande forfattar.
Ingar Sletten Kolloen vil gje pengane til Johan Harstad. I tillegg til pengene får Ingar Sletten Kolloen også en skulptur av Kjell Erik Killi Olsen.
Tidlegare år har Den norske lesarprisen gått til skjønnlitterære forfattarar.
Boka skal utanlands
At eit fleirtal av lesarane har stemt fram ein biografi er både overraskende og gledeleg, skriv bokklubbane på si heimeside.
Ingar Sletten Kolloen sin biografi om Knut Hamsun er gitt ut i to bind. Hamsun. Svermeren kom i 2003, og i 2004 vart biografien fullført med Hamsun. Erobreren.
Kvart bind har seld i 60 000 eksemplar her heime. Nå står utlandet for tur.
Ingar Sletten Kolloen og Gyldendal planlegg ei ettbindsutgåve, som i løpet av året vil bli oversett til fleire språk og koma ut i fleire land.