Hopp til innhold

Kan bli sin eigen GP-konkurrent

Knut-Øyvind Hagen frå Hamar kjempar om internasjonal finaleplass i Melodi Grand Prix som låtskrivar for Polen og utøvar i Latvia.

Knut Øyvind Hagen

Knut Øyvind Hagen fra Hamar deltar med to låter i årets Grand Prix!

Foto: Even Reitan Knudsen / NRK

Hagen har alltid vore stor Grand Prix-fan sidan han høyrte på Bobbysocks som treåring. Nå har han funne ut at det var på tide å delta sjølv.

Låtskrivar og artist

Han debuterte som låtskrivar i Grand Prix med låta Rocket Ride som vart nummer 2 i den norske finala i fjor. Men det er i år Hagen virkeleg tek steget og debuterer som artist - i den latviske finala!

- Eg deltek i finala den 1.mars med ei roleg ballade, "Memory Lane" som eg syng saman med ein latvisk musikal-stjerne, seier Hagen.

Men dersom han er riktig heldig kan han kome til å møte seg sjølv i Green-room-døra. Han deltek nemleg også som låtskrivar i den polske finala, med sangen "Superhero".

Kan kjempe i toppen

- Eg må innrømme at eg ikkje har tenkt på å konkurrere mot meg sjølv, men eg skal uansett takle det fint, seier Hagen. Han håper at begge låtene kan kjempe i toppen, men er usikker på langt han kan nå. - Dersom begge opptredane går bra trur eg at det er gode sjanser for at begge låtene kan kjempe om plass i den internasjonale finala, seier Knut Øyvind Hagen.

Flere saker fra Innlandet