NRK Meny
Normal

Ingen cannabis-bakmenn

Kripos trur ikkje det er bakmenn som står bak cannabisplantasjene som er avdekte i Oppland. Det seier politiinspektør Vigleik Antun i Kripos.

Cannabisplantasje
Foto: Politiet

Politiet etterforskar framleis saka med dei to plantasjane som vart oppdaga i Vestoppland tidlegare i år.

Fem personar er sikta etter at 400 cannabisplanter vart funne i eit hus i Lunner i april, og tre personar er sikta i samband med ein plantasje i Nordre Land.

I desse sakene blir det tatt ut tiltale i september.

Lillehammerplantasjen

Hus med cannabisplantasje

Huset med cannabisplantasje i Lillehammer

Foto: Stein Schinstad / NRK

Når det gjeld plantasjen på Lillehammer, er tre menn tiltalt for organisert kriminalitet. Men Vigleik Antun seier dei ikkje har funne fram til nokon bakmenn.

Cannabisplantasjen på Lillehammer vart oppdaga i februar.