Hopp til innhold

Gruvebyen som forsvann

Klondyke-stemninga i gruvebyen Røstvangen enda i ein spektakulær konkurs. Nå står berre ruinane att.

Det nye malmvaskeriet på Røstvangen stod ferdig i 1921, berre stutt tid før konkursen same år.

Det nye malmvaskeriet på Røstvangen stod ferdig i 1921, berre stutt tid før konkursen same år.

Foto: Nordøsterdalsmuseet

Det er berre ruinar att av gruvebyen Røstvangen på Kvikneskogen i Tynset.

Malmvaskeriet på Røstvangen.
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Sjå ruinbyen på Røstvangen.

Det som ein gong var heimstad og arbeidsplass for bortimot 300 gruvearbeidarar og familiane deira, står i dag som et minnesmerke over 2000 år med bergverkshistorie i Nord-Østerdalen.

For ei tid!

Røstvangen eksisterte i mindre enn 20 år, men for ei tid det var. Nordens Klondyke vart det kalla, og den svenske eigaren investerte voldsomt i gruva og i gruvebyen.

Per Hvamstad, styrar og konservator ved Nordøsterdalsmuseet.

Per Hvamstad, styrar og konservator ved Nordøsterdalsmuseet.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

- Røstvangen var ein heilt komplett liten gruveby, med alt det som skal til for å halde eit samfunn gåande, seier styrar og konservator ved Nordøsterdalsmuseet , Per Hvamstad.

Eigen fotballklubb

På Røstvangen var det butikk og skule, det var kino, bibliotek, kafe og restaurant.

Gruvearbeidarane var dessutan glade i idrett: Her var det fotballklubb, skyttarlag og idrettslag. Det vart arrangert kretsrenn i både langrenn og hopp.

Sjå bildegalleri: Den gløymde gruvebyen

I løpet av 10 år frå 1907 til 1917 vaks gruvebyen Røstvangen voldsomt. I toppåret 1917 arbeidde det nær 300 personar i gruva.

Med kvinner og barn kom innbyggartalet i byen opp i over 500.

Rekordstor konkurs

Etter første verdskrigen kom nedturen. Prisane på svovelkis fall kraftig, og konkursen i 1921 var spektakulær.

Les meir om den spesielle gruvebyen på Museumsnett .

- I 1921 var det landets største konkurs, seier næraste nabo til ruinbyen på Røstvangen, Harald Stubsjøen. Han har interessert seg for den spesielle historia bak ruinbyen på Kvikneskogen.

- Centralbanken heldt på å gå konkurs to gonger på denne saka. Gruveselskapet Røstvangen hadde 10 millionar kroner i gjeld då det gjekk konkurs, fortel Harald Stubsjøen.

Flere saker fra Innlandet