Tidlegare har Oppland Turisthotell blitt bygd om til bustader. No vil eigerane av Ersgaard Gjestehus rive bygget for byggje leiligheiter.
Uheldig
- Ein trussel mot viktige kulturminner, meiner fylkeskonservator Dagfinn Claudius.
Ein ny reguleringsplan er på trappane for Ersgaard, og fylkeskonservatoren tek atterhald om at dei vil meine noko då. Men i sum har det dei siste åra vore fleire bygg som har vorte endra.
Minnar utslettast
- Det som er synd er at når ein byggjer noko nytt og endrar dei eldre bygga, utslettar man ein del viktige spor om Lillehammers historie innan turisme. Og turisme har jo danna grunnlaget for mange verksemder i byen, seier Claudius.
Han seier denne generelle problemstillinga vil bli tatt opp i komande reguleringsplanar.
- Vi er ikkje imot endringer, men vi må ha noko som tek vare på noko gamalt og samstundes byggjer opp under det nye. Då er det lettare for oss å gje støtte til dei ulike prosjekta, seier Claudius.