Fredag la fylkeskonservatoren fram eit forslag om frede Gjøvik gård.
Arbeidet starta i 1996, og i dag låg høyringsutkastet på bordet. Gjøvik Gård skal nå sikrast for framtida, slik at den ikkje blir slite ned.
Gry Horndalssveen
Slutt på arrangement
- Det er viktig at ein nå får ein plan for bruken i framtida, seier kulturvernkonsulent Gry Horndalssveen, som har ført forslaget i pennen.
Fylkeskonservatoren ønskjer å verne bygningane på Gjøvik gård, og store deler av parkarealet mellom husa. Dei vil ha slutt på arrangement som slit ned på anlegget, og vil berre gje løyve til arrangement som varer i tre dagar eller mindre.
Men forslaget vil avgrense bruken, noko som kan få konsekvensar for Gjøvik-Marken og Sommer-Slager som har blitt arrangert med stor suksess i år.
Vil granske framlegget
Olav Borgemoen i Gjøvik Salgs- og reklameforening meiner ein må gå forslaget nærmare etter i sømmane.
- Vi er viljuge til å endre arrangementa, men spørsmålet er om fredninga er i tråd med ønsket Alf Mjøen hadde da han testamenterte gåva til Gjøvik, seier Borgemoen.
Han seier Gjøvik Salgs- og reklameforening vil vera aktive i høyringsprosessen som skal avsluttast i oktober.