Bygda Lalm i Vågå kommune er vald ut som modellbygd i scenarieprosjektet «Framtidsbygda 2020». Det skriv avisa Fjuken.
Modellbygd
Lalm er ei lita bygd med rundt 280 husstandar. Det er trygge oppvekstvilkår for barn, og eigen grendeskule i bygda.
Lalm er ei av tre innlandsbygder som er vald ut, og kriteria er blant anna at bygda helst har mindre enn tusen innbyggarar, og ikkje ligg nær nokon stor by.
(Alle foto: Rune Borgan Isaksen, www.lalm.no)
Intervjuar innbyggjarane
Det er Rogalandsforsking som på oppdrag frå Landbruksdepartementet skal utføre prosjektet, som går ut på å teste framtidsbilder i nokre modellbygder.
To forskarar frå Rogalandsforsking vil i løpet av oktober koma på eit todagars besøk til bygda for å intervjue ulike personar som bur der, og er engasjerte i bygda.