og Odd Midtlin
Elevene ved Engjom skole i Gausdal skal framleis ha nynorsk som opplæringsmål.
199 for
Under målavstemninga i skolekretsen i går gjekk 199 inn for nynorsk, medan 110 røysta for bokmål.
Litt under halvparten av dei røysteføre var med i avstemninga.
Leiaren for foreldreutvalet, Ole Kolrud, er glad for at det framleis blir nynorsk.
- Det er det målet folk held seg til i kretsen, så slik sett var det ikkje overraskande. Og eg meiner det er plass for båe målformene i ein kommune som Gausdal, seier Kolrud.