Innbyggjarane på Biri hadde gått mann av huse for å delta i fakkeltoget tysdag kveld.
Det vesle lokalsamfunnet har blitt ramma av fleire tragiske trafikkulykker den siste tida.
Toget gjekk frå Kremmerodden, over E6 og til Biri sentrum.
Fakkeltog
Til minne om dei trafikkdrepte
For å minnast dei omkomne arrangerte aspirantgruppa i Redalen Røde Kors fakkeltog.
Leiarane i aspirantgruppa, Lene Tofsrud og Eirik Myklestad, seier dei tok initiativ for å vise at dei bryr seg.
- Alle kjenner alle på ein så liten stad, så alle ulykkene går inn på mange, seier Myklestad.
- Angår oss alle
Også Norges Røde Kors var tilstades på Biri tysdag kveld.
- Trafikkulykker er noko som angår oss alle, seier Svein Erik Aasen, som sit i landsstyret i Norges Røde Kors.
Aasen håpar fakkeltoget har ei effekt og at det gjer inntrykk slik at folk er forsiktige på vegen.
Torsdag blir fartsgrensa på E6 sett ned frå 90 til 80 kilometer i timen frå Stange til Lillehammer, men korkje dei NRK Hedmark og Oppland snakka med i fakkeltoget, eller Svein Erik Aasen, trur det hjelp.
- Folk er vant til ei fartsgrense her, og dersom farten blir sett ned tek dei kanskje sjansar på farlege forbikjøringar, seier Aasen.