Heller ikkje det aller siste folkemøtet, før nær 14.000 valdrisar skal gå til valurnene, trakk tilhøyrarar.
Interessa rundt den rådgjevande folkeavstemninga om Vestre- og Øystre Slidre, Nord- og Sør-Aurdal bør slå seg saman til ein stor Valdres-kommune har ikkje skapt særleg til engasjement.
Tysdag kveld var det folkemøte om kommunesamanslåing i Valdres. (Foto: Tone Merete Tho/NRK)
- Likegyldige
På folkemøtet tysdag kveld var det stort sett politikarar som hadde møtt opp.
- Likegyldigheita er skremmande, rett og slett, sa ein oppgitt Gunnar Thue i Høgre i Øystre Slidre. Som dei fleste andre som sat i panelet er han for kommunesamanslåing i Valdres.
Det var dei fire kommunane sjølve som inviterte til stor paneldebatt nokre få dagar før folkeavstemminga.
Panelet.(Foto: Tone Merete Tho/NRK)
Dei som sat i panelen var Ivar Aars (Krf i Nord-Aurdal), Tilia Dagny Cristina Hovi (Venstre i Nord-Aurdal), Rudolf Roovers (Sv i Nord-Aurdal), Bjarne Lome (Sp i Vestre Slidre) og Olaf Nils Diserud (Frp i Nord-Aurdal).
Marit Synnøve Opheim (Ap i Øystre Slidre), Mange Ruud (Tverrpolitisk/Bygdalista i Sør-Aurdal), Gunnar Thue (Høgre i Øystre Slidre) og Eivind Brenna (ordførar for Bygdalista i Vestre Slidre), som representerte dei fire ordførarane.
Ei meiningsmåling, gjennomført av Analysehuset for NRK Hedmark og Oppland og avisa Valdres, har tidlegare synt at 17 prosent vil seie ja, og 55 prosent nei til kommunesamanslåing. Men det er spådd at ikkje så veldig mange av desse vil ta vegen til vallokala.
Motstanden er størst i Øystre Slidre, mens det er flest positive til ei storkommune i Valdres i Nord Aurdal. Det naturlege kommunesenteret ville i såfall bli Fagernes, som ligg i Nord-Aurdal.
-Skuffande
Trass i at det var nesten berre politikarar blant dei 35-40 i salen var det eit par næringsdrivande som hadde funne vegen. Gründer Terje Berge var svært skuffa over oppmøtet.
Gründer Terje Berge var svært skuffa over oppmøtet. (Foto: Tone Merete Tho/NRK)
- Det er utruleg at ikkje fleire frå næringslivet møtte opp. Nei til ei kommunesamanslåing vil vera ei stort tap for Valdres, vi er nøydde til å utvikle oss, sa Berge.
Berge trur at årsaka til at ikkje fleire hadde møtt opp er at 30 prosent av arbeidsstokken i Valdres arbeider innanfor det offentlege, og at dei ikkje tør stemme ja til kommunesamanslåing fordi dei er redde for å miste jobben sin.
- Sentralisering
- Ei storkommune er betre fordi ei får samla brei kompetanse, sa Marit Synnøve Opheim (Ap). Ho forstår godt at folk er uroa for at dei må reise meir for å kunne nytte seg av tenestene, men ho trur ikkje det blir så sentralisert som mange fryktar.
- Tilbodet til innbyggjarane vil vera like godt som i dag, slo Opheim fast.
Ein av dei største kritikarane, Bjarne Lome (Sp), er sterkt ueinig.
- Sentraliseringseffekten blir stor. Fleire vil pendle, og handle på til dømes Fagernes, og da bli nærbutikkane lagt ned, sa Lome. Han trur mange tenester berre vil bli tilgjengelege i det store kommunesenteret Fagernes.
Bjarne Lome fra Senterpartiet. (Foto: Tone Merete Tho/NRK)
Ser poeng med nærheit
Ordførar i Vestre Slidre, Eivind Brenna, ser nei-sida sitt poeng med nærheit.
- Det blir større avstandar, innrømmer han. Men det kostar så mykje meir å ha fire administrasjonar enn ein, at ein har ikkje noko val, la han til.
- Vi får betre økonomi ved å slå oss saman, derfor må vi handle nå, sa Brenna.
I debatten tysdag kveld var fleire inne på at fylkeskommuna burde bli lagt ned.
- Dersom fylkeskommuna blir lagt ned, ville vi fått med alle dei seks Valdreskommunane og da hadde saka blitt annleis, meinte Bjarne Lome.
To blir att
Eit felles kommunestyre etter ei eventuell samanslåing vil ha 45 representantar. Det er omlag like mange som når representantar frå alle partia i dei ulike kommunane er samla.
Fleire av dei som seier nei til samanslåing foreslår hyppigare felles formannskapsmøter. Ja-sida seier det da ikkje vil vera så stor forskjell på det, som om alle dei fire kommunane skulle vera ei.
Det var Regionrådet i Valdres som tok opp spørsmålet om kommunesamanslåing, mens det er kommunestyra som avgjer framtida.
Det litt spesielle er at dersom innbyggjarane og politikarane i desse fire kommunane seier ja til samanslåing, så vil Vang og Etnedal bli ståande åleine som to bitttesmå kommunar i kvar sin ende av Valdres.
Kommunalminister Erna Solberg har lova solid økonomisk støtte til dei fire Valdreskommunane dersom dei slår seg saman.
- Forgubbing
- Interkommunalt samarbeid presser seg fram, sa Olaf Nils Diserud (Frp) på folkemøtet tysdag kveld.
Han meiner dette fungerer dårleg i dag fordi det er vanskeleg å finne felles løysingar for alle dei fire kommunane, og at det tek lang tid fordi det er fire kommunestyrer som må vedta det same.
- Eit anna argument er at vi slit med forgubbing i Valdres. Dersom vi klarar å skape større fagmiljø, vil det få dei unge til å flytte attende til Valdres sa Magne Ruud (Høgre).
Ordførar Brenna seier at dersom folket stemmer nei til storkommune i den rådgjevande folkeavstemminga 24. og 25, oktober, så kjem han til å leggje saka daud.