Hopp til innhold

Eitt minutt i fritt fall

Per Mundhjeld frå Bøverdalen i Lom flaug i helga frå Romsdalshorn i ei såkalla vingedrakt.

Per Mundhjeld flyg
Foto: Privat

Dei fleste har kanskje nok med å sjå på, eller i beste fall klatre opp Romsdalshorn. Men Mundhjeld og to kameratar ville også sveve ned att.

Eit minutt fritt fall

Mundhjeld fortel at han har dreve med slik flyging i 4-5 år.

- Tidlegare var basehopping mykje farlegare, men etter at vi fekk desse vingedraktene har vi betre kontroll og vi det er tryggare, seier Mundhjeld til NRK.

Tidlegare brukte dei berre nokre sekund ned frå fjella, men med dei nye draktene får dei i allefall eit minutt fritt fall.

- Salto og akrobatikk

Førre fredag var det altså Romsdalshornet (1550 moh) som stod for tur, og Mundhjeld og kameratane klatra fyrst opp på fjellet, før dei kaste seg ut i den mektige dalen.

- Dei to andre flaug nedover mot Åndalsnes medan eg flaug oppover. Etter litt møttest vi att og flaug mot Trollveggen, der vi leika oss litt og slo saltoar, fortel Per Mundhjeld.

Og dersom du skulle vere bekymra for landinga.. Den gjekk heilt fint, og villstyringane landa på ein rasteplass ved riksvegen.

Sjå korleis hoppinga går føre seg her (ekstern lenke)

Flere saker fra Innlandet