Dagfinn Grønoset er død

Journalisten og forfattaren vart 87 år gammal.

Dagfinn Grønoset

Foto av Dagfinn Grønoset frå 1972.

Foto: Storløkken, Aage / Scanpix

Grønoset vart fødd i Trysil i 1920, men budde store delar av sitt liv i Elverum. Han vart tilsett i Østlendingen i 1939, og jobba der i fleire tiår.

Sette opplagsrekord

Med Dagfinn Grønoset har ein av Innlandet sine store forteljarar gått bort.

 Han forfattardebuterte med boka "Vandring i villmark" i 1952. Grønoset vart kjend for sine artiklar og bøker der kvardagsslitaren ofte var i sentrum. Han skreiv om menneske han møtte, og han utvikla ein sjanger der nærleiken til arbeidsfolk og slitarar vart lyfta fram.

Hans mest kjende bok er "Anna i ødemarka" frå 1972, som sette ny norsk opplagsrekord. Boka vart også oversett til 14 språk.

Grønoset sine historier har også vore utgangspunkt for ei lang rekkje av radio- og TV-program i NRK.

- Vil bli sakna

- Han representerte ei stemme som vi saknar i vår tid. Han klarte å skildre det særnorske på ein heilt spesiell måte. Det seier forlagssjef William Nygaard i Aschehoug.

Han trekkjer fram Grønoset si evne til å vise det mangfaldige bygdelandskapet. - I dagens globaliserte verd finst det ikkje att mange stemmer som kan skildre det særegne norske kulturlandsskapet på ein slik måte, seier Nygaard.

 Fekk kongens fortenestemedalje i gull

Dagfinn Grønoset har fått ei rekkje prisar, og er mellom anna hedra med Kongens fortenestemedalje i gull, Hedmark fylkes kulturpris, Trysil kommunes forfatterstipend og Elverum kommunes kulturpris.