(Foto: NRK)
Onsdag starta rettsaka mot ein tidlegare barnevernsleiar.
Mannen nektar all straffskuld.
Ni vitne forklarte seg i Hadeland og Land tingrett torsdag
Overgrep
Torsdag kom det også fram i retten at politiet i haust fekk tips om at fleire unge jenter skal ha følt seg seksuellt trakassert av tiltalte.
Ein sakkyndig psykiater har dessutan forklart i retten at det er liten tvil om at jenta er utsett for seksuelle overgrep frå oldefaren sin frå ho var 4 år gammal.
Barnevernsleiaren skal ha overgripe seg på den 15 år gamle jenta i november 2002.
Jenta sine forklaringar har gått for lukka dører.
To versjonar
Men ho har tidlegare hevda at tiltalte under ein kjøretur skal ha sagt at han fraus på hendene og ville varme dei på magen hennar. Det skal ha utvikla seg, men det er ikkje tale om samleie.
Tiltalte har sagt at dei hadde ein hyggeleg kjøretur, som etterkvart enda på ein bensinstasjon i Jevnaker, der jenta skal ha blitt utsett for ein blottar under eit toalettbesøk. Ifølgje skal dette ha gjort at jenta i etterkant endra åtferd overfor andre tilsette der ho budde.
I forklaringa si sier jenta at dette var noko dei vart einige om å fortelje dei andre på barnevernsinstitusjonen, sidan alle kom til å forstå at noko hadde skjedd. Ho skal også ha blitt lova eit måleri frå tiltalte dersom hun heldt fast ved denne forklaringa.