I mange år har legen og forskaren med tjekkisk bakgrunn forska på samanhengen mellom revmatisme og hjartesjukdommar. Pasientar med ulike revmatismediagnoser har nemleg større risiko for å få hjarte- og karsjukdommar enn andre, og Hollan har lenge prøvd å finne ut kvifor.
No er ho blitt invitert til Boston for å forske vidare ved eitt av dei mest prestisjefulle universiteta i verda.
– Vi forskar på kva som var grunnen til dette, og konsentrerer oss først og fremst om betennelse i hjarte-karsystemet. Eitt av funna våre er at vi har påvist at ein bakterie i karveggen kan vere ein mogleg årsak til hjarte-karsjukdommar.
Til Harvard
Ivana Hollan fortel med stor entusiasme om forskninga ho er leiar for ved Revmatismessjukehuset på Lillehammer. Det byrja som ei doktorgradsavhandling, og har sidan ført til fleire doktorgrads- og postdoc-prosjekt i inn og utland. Dei seinare åra har Revmatismesjukehuset hatt eit tett samarbeid med hjartespesialistane ved Feiringklinikken.
No er ho altså invitert til Harvard Medical School i Boston som gjesteforskar i eitt år. Målet er å fordjupe seg i forskninga og knyte kontaktar som kan vere gode å ha i framtida.
– Eg håpar å bli inspiriret til å starte nye prosjekt, samt inspirere andre til ny forskning, avsluttar Ivana Hollan.