Kampen om ordførarposisjonen kan bli spennande i Øystre Slidre, for her er det fleire konstellasjonar som kan gje fleirtal. Men - hvis samarbeidet mellom AP og Venstre held fram, slik dei starta det i 1999, ligg det an til at Gro Lundby (AP) og Håkon Johs. Skarstad (V) vil få eit tett samarbeid framover. Han er ein gamal politisk ringrev og kan for mange vere ein å ty til når dei andre er ukjende i politikartrøya.
Bente Oxhovd stiller på topp for Senterpartiet, men hvis dei to andre finn tonen fortsatt, må ho rekne med å leie opposisjonen i kommunene.
Ap og Sp fram i fylket
Øystre Slidre var raskt ute med resultatet frå fylkestingvalet. Den syner at i høve til valet i 1999, er det Frp, Ap og Sp som går fram i kommunen.
Likevel ber valet preg av dårleg frammøte. Berre 51,8 prosent av innbyggjarane i Øystre Slidre stemte på fylkestingvalet i år.
I Øystre Slidre stemte veljarane slik i fylkespolitikken:
Ap: 33,4 %
SV: 7,4 %
RV: 0,5 %
Sp: 25,5 %
KrF: 3,8 %
V: 8,6 %
H: 8,6 %
Frp: 10,9 %
Andre: 1,2 %