Hopp til innhold

– Ein god kollega er borte

Journalist i NRK Hedmark og Oppland, Jan Vidar Lie Pedersen, døydde i går, 60 år gammal. – Vi har mista ein av våre mest profilerte journalistar og ein svært god kollega, seier distriktsredaktør Inger Johanne Solli.

Jan Vidar Lie Pedersen

Jan Vidar Lie Pedersen vart 60 år.

Foto: NRK

Sjølv om Jan Vidar Lie Pedersen sleit med helsa, var han på jobb heilt til det siste. Seinast i går, torsdag, jobba han på nyheitsdesken i NRK på Lillehammer.

Programleiaren

Jan Vidar Lie Pedersen

Gjennom radioprogramma vart Jan Vidar radiokjendis i Oppland.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Jan Vidar Lie Pedersen var på 90-talet og byrjinga av 2000-talet ein av dei mest profilerte programleiarpersonlegheitene i det som da var NRK Oppland. I 10 år hadde han formiddagssendinga i radio og bygde seg opp ei stor tilhengarskare. Mange hugsar han frå programma ”Gjere krus på”, der folk kunne ringe inn og rose nokre som fortente det. Premien: Eit krus med teikning av Jan Vidar.

Nyheitsjegeren

Men lenge før han kom til NRK var Lie Pedersen journalist. Han tilhøyrde ein generasjon avisfolk som gjekk livets skole. Han starta i avisa Dagningen på Lillehammer som 15-åring, og jobba der som alt frå reporter til nyheitsredaktør. I 1992 kom han til NRK. Tidlegare distriktsredaktør Brynjulf Handgaard rekrutterte han :
– Lie Pedersen hadde alt som skulle til for å bli ein god radiojournalist: Nyhetsteft, enormt store kunnskapar om Oppland og ein personlegheit som ”gjekk gjennom radioen”.
Dei siste 10 åra vart det meir og meir fjernsyn på Jan Vidar, og han har laga svært mange reportasjar til Østnytt og til Norge Rundt. Han har vore programleiar i Norge Rundt, gått direkte i Dagsrevyen og vore reporter på 17. mai si nasjonale sending.

Historikar og forfattar

Jan Vidar Lie Pedersen

Jan Vidar Lie Pedersen skreiv fleire bøker og har delt kunnskapen sin med mange gjennom foredrag.

Foto: Jan Vidar Lie Pedersen

Men Jan Vidar Lie Pedersen var minst like godt kjent som lokalhistorikar. Han har bidratt i mange, mange årbøker til Lillehammer og Fåberg historielag, og han har skrive fleire eigne bøker.

Størst suksess hadde han med «Historier om Marcello», ei bok om Marcello Haugen. Den var produsert etter mange radioprogram i NRK der folk fekk ringe inn sine bidrag.

Dei seinaste åra skreiv han tre bøker under tittelen ”Drama i dalen”. Der kombinerte han sin journalistiske teft og historiske interesse og fortalte om dramatiske enkelthendingar frå historisk tid og heilt fram til våre dagar.

Og det finst vel ikkje den Lionsklubben, pensjonistforeininga eller historielaget i Oppland som ikkje har hatt besøk av Lie Pedersen med eitt av sine mange foredrag om historiske tema eller om sitt liv som journalist.

– Jan Vidar Lie Pedersen var ein snill familiemann og ein god kollega, med ein stor arbeidskapasitet. Bortgangen hans er eit stort tap for NRK og for alle oss som fekk vera nær han, seier Inger Johanne Solli.

Video Jan Vidar Lie Pedersen var programleder i NRK i mange år.

Jan Vidar Lie Pedersen var programleder i NRK i mange år.