Hopp til innhold

Fire ungdommar i bilulykke

Naudetatane har rykka ut til ei bilulykke mellom Kongsvinger og Eidskog. Det var fire ungdommar i bilen, og ulykka skal ha skjedd då dei måtte gjera ein unnamanøver for ikkje å køyre på elg. Føraren av bilen, ei ung jente, er skadd og frakta til sjukehus med luftambulanse. Dei tre andre ungdommane er lettare skadde.