Hopp til innhold

- Urealistiske Kistefos-krav

Ordførar Liv Solveig Alfstad i Nordre Land reagerer sterkt på skuldingane frå leiinga i Kistefos Møbelkomponenter.

Bedriftsleiinga hevdar at kommunen ikkje har vist vilje til å hjelpe til med ei løysing for å berge dei 20 arbeidsplassane ved Dokkabedrifta.

Prøvde å hjelpe

Alfstad seier at Kistefos kravde at kommunen skulle betale heile husleiga til bedrifta som hadde tapt fem millionar kroner på eitt og eit halvt år.

- Dette var eit svært urealistisk krav, seier ho.

Kommunen har heile tida hatt forhandlingar med Kistefos Møbelkomponenter. Dei tilbaud å redusere husleiga 300 000 kroner for 2010, og ei utsetjing av uteståande husleige for andre halvår 2009, seier Alfstad.

- Så vi har prøvd å strekkje oss så langt som mogleg. Derfor synest eg kritikken dei kjem med, er urettferdig.

Trist

Ordførar Alfstad meiner det er svært trist for Nordre og Søndre Land kommunar at den tradisjonsrike møbelindustrien på Hov og Dokka nå er over.

I går la Kistefos Møbelkomponenter ned drifta, og 20 tilsette misser arbeidet. For eit halvt år sidan vart også fabrikken på Hov lagt ned.

Les også: Sveaas vil ikke dekke Hov Dokka-tap

Flere saker fra Innlandet