Søster Victima fotografert gjennom et gitter i et kloster

Søster Victima lever livet sitt bak eit gitter.

Foto: Tore H. Paulsen

Lidia fekk eit kall og livet vart snudd opp ned

Lidia var sosial og studerte teatervitskap. No bur ho i eit kloster i Tromsø der ho berre kan treffe andre menneske gjennom eit gitter.

I dette klosteret i Tromsø bur 16 kvinner bak eit gitter. Her inne lever dei sine liv. Dei ber og syng. Bortsett frå det er dei tause.

Klosteret Karmel Totus Tuus med fjella ved Tromsø i bakgrunnen.

Klosteret Karmel Totus Tuus i Tromsø. «Totus Tuus» er latin og tyder «heilt din».

Foto: Karmel Totus Tuus

Ingen får koma inn til dei. Nonnene kan berre gå utanfor murane i særskilde høve. Når dei skal treffa nokon frå utsida, skjer det med eit gitter imellom.

– Du synest kanskje det er rart med dette gitteret, seier ho som før heitte Lidia.

– Men vi vil ha det slik.

Kvifor endar nokre med å velja eit slikt liv?

Det kjem eit kall

Ein kveld i 1980 var polske Lidia Jaroslawa ute med vener i Krakow for å feira at dei var ferdige med eksamen etter fire års studie i teatervitskap. 22-åringen gledde seg over livet og drøymde om å arbeide som teaterregissør. Junikvelden var varm, framtida var lys, og det var god stemning.

Mot slutten av kvelden byrja dei plutseleg å snakka om klostera i Krakow. Nokon fortalde at det fanst eit kloster der nonnene bad til Gud heile dagen, og ikkje gjorde noko nyttig i det heile tatt. Venene  rista oppgitt på hovudet, men ikkje Lidia. Ho  likte straks tanken på dette.

– Eg  kjente ei kraftfull bølge av glede som  flauma over meg, og eg fekk ein  sterk  lengt etter å bu i eit slikt kloster og leva eit liv i bøn, fortel ho.

Søster Victima som ung nonne.

Søster Victima som ung nonne.

Foto: Privat bilde.

Ho skjøna ikkje kvar denne trongen kom ifrå, men i ettertid har ho vorte overtydd om at det ho kjente, var eit kall frå Gud.

Idéen om eit liv i kloster veks fram

Ingen i familien til Lidia var så veldig opptekne av religion. Hendinga den kvelden på byen fylte henne med mange tankar. Det gjekk nokre dagar, men trongen til å gå i kloster forsvann  ikkje.

Når  eg  tenkte på at  eg  kunne via mitt liv til Gud, vart  eg  så glad  til sinns  at  eg  nesten vart redd, fordi gleda var så stor, fortel søster Victima – som ho heitte i dag.

Den unge jenta oppsøkte ein katolsk prest for  å få rettleiing. Presten sa at ho måtte vera sikker på at kallet ikkje kom innanfrå ho sjølv, men frå Gud. Ho forstod ikkje korleis ho kunne vera sikker på det. Presten  rådde  henne  til å oppsøkja nonnene og be om å få vera  der ei stund for å prøva å finna svaret.

– Eg  budde i klosteret i ti dagar. Gleda fortsette å brusa i meg, og  eg kjente ein djup fred i hjartet mitt. Såleis vart eg overtydd om at dette faktisk var eit kall frå Gud, seier søster Victima.

Kallet kjem frå Gud

Espen Ottosen, Norsk Luthersk Misjonssamband

Espen Ottosen er sjølv vorten kalla.

Foto: NLM

– Frå eit kristent synspunkt er eit kall ei oppmoding frå Gud om å tena han på eit særskilt vis, fortel Espen Ottosen.

I ung alder kjente han sjølv eit kall til å formidla det kristne bodskapet og reiste ut som misjonær i 1998. I dag er han informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband.

– I Bibelen er eit kall noko som Gud ber deg om å gjera. Det er altså ikkje noko som kjem innanfrå, men utanfrå; altså frå Gud, forklarar teologen.

Ottosen kjenner til mange historier om folk som har fått eit kall, og nokre av dei menneska ofra verkeleg alt for å følgja kallet. Stundom vart familiane deira etterlatne åleine og forsømte.

– Kallet kjem frå Gud, men ein må hugse at eit menneske som oftast har mange kall. Det kan godt vera at du har eit kall til å bli misjonær. Men som kristent menneske må du òg ta ansvar overfor menneska rundt deg, og særleg barn og ektefelle, meiner teologen.

For å vera sikker på at ein verkeleg har eit kall, må ein bruka tid. Og trua og fornufta må henga saman, poengterer Ottosen.

Ambivalent til det religiøse kallet 

Kaja Melsom er filosof og tilsett i Human-etisk forbund.

Kaja Melsom har vore ikkje-truande heile livet.

Foto: Ihne Pedersen

Kaja Melsom er filosof og tilsett i Human-Etisk Forbund. Melsom meiner at alle menneske kan kjenna eit sterkt driv til å gjera noko bestemt.

– Eg tenkjer at det eigentleg dreier seg om at ein kjenner at dei talenta ein har, gjer at ein høver godt ein spesiell plass. Ein kan samanlikne det med ein sterk intuisjon om at noko er riktig for seg, forklarar filosofen.

Ho er ambivalent til det religiøse kallet.

– Nokre menneske opplever at Gud gjer det klårt kva for oppgåve ein skal ha i livet. Det å stola blindt på dette kallet, er å gi slepp på alle former for kritisk tenking, seier Kaja Melsom.

Lidia vart til søster Maria Victima av Guds Rene Mor

Det gjekk nokre år frå  Lidia  kjente kallet til  ho  gav dei evige løfta som nonne. Ho  måtte gå gjennom tre fasar, og etter kvart  steg  måtte både ho og dei andre nonnene i klosteret anerkjenna at det faktisk var snakk om eit kall frå Gud.  

– Etter fem og et halvt år vart eg teken opp i klosteret som fullverdig nonne, fortel søster Victima.

Då ho fekk ordensdrakta skifta ho namn. Det er vanleg å gjera det blant nonnene, og nesten alle tek namnet Maria.

No heiter eg søster Maria Victima av Guds Rene Mor.

«Victima» er latin for «offer». Gjennom å bera dette namnet, erklærer ho at ho vil ofra alt for Gud.

– Å setja seg sjølv i sentrum er det mest tragiske fengselet ein kan vera i. For meg er Gud alt. Å lovprisa og be til han er mi største glede, seier søster Victima.

Nonnene mediterar knelande i lag i svarte draktar.

Nonnene mediterar over Guds ord.

Foto: KARMEL TOTUS TUUS

– Vi nonner tar ansvar for alle menneske ved å gå i forbøn for dei i lag med helgenane. Eg ber for andre menneske heile tida, og er sikker på at dette er det viktigaste eg kan gjera i livet.

– Og eg har aldri angra på det valet eg tok, seier nonna.

Klosterliv

Søster Victima, som no har vore nonne i 41 år, har budd i fleire kloster. Etter dei første åra drog ho saman med nokre andre nonner og grunnla eit kloster på Island, og seinare i Hannover. Og så gjekk ferda til Tromsø, der ho no har budd i klosteret Karmel Totus Tuus i åtte år.

– Eg har kjent ei dragning mot nord, fortel søster Victima.

Kamelittklosteret fra utsida med mykje snø rundt.

Karmel Totus Tuus er eit kontemplativt kloster.

Foto: Karmel Totus Tuus

Det er 27 kloster i Noreg i dag, og dei fleste er katolske. Katolikkane opererer med to typar kloster: det apostoliske, der søstrene har mykje kontakt med samfunnet rundt. Den andre typen kloster er det kontemplative, og det er eit slikt kloster søster Victima bur i. Klosteret tilhøyrer ein orden som heiter karmelittane, kalla opp etter fjellet Karmel i Israel. Dei deltar ikkje aktivt i samfunnet, men lever tilbaketrekt.

Nonnene går ikkje utanfor klosteret. Det einaste unntaket frå regelen er om dei har ein særskilt viktig grunn.

– I dette klosteret har vi det som kallast streng klausur. Det inneber at det meste av klosteret er reservert for oss nonner, og der får ikkje andre menneske koma inn. Vi markerer skiljet mellom oss og dei andre med eit gitter, seier søster Victima.

– Gitteret er der for å visa at bakom er eit område for stille og bøn. Det er omtrent som at det må vera stille i eit studio før innspeling av musikk. Vår kontinuerlege bøn til Gud er som ein konsert. Vi treng ro og konsentrasjon for å laga den beste konserten, forklarer søster Victima.

Nonnene ber tidebønene i lag.

Nonnene ber og syng under tidebøna.

Foto: Mari Hildung / Perspektiv Museum

Når ei nonne går inn i karmelitt-ordenen, må ho lova å leva eit liv i einsemd og fattigdom. I klosteret bur det no 16 nonner. To av dei er unge, og må enno vente ei stund før dei får lov til å gi dei evige løfta.

Kvar nonne har si eiga celle, der ho ber og les og søv. Dei har ingen private eigedelar, verken telefon eller klede.

Alt som hender i løpet av dagen, er planlagt og skjer på faste klokkeslett. Søster Victima står opp kvar morgon klokka halv seks for å be. Deretter går det slag i slag med meditasjon og bøn gjennom heile dagen. Før ho går til sengs klokka halv elleve om kvelden, har ho bedt sju tidebøner, meditert to gonger og deltatt på messe.

– Høgdepunktet i løpet av dagen er den heilage messa med nattverd som skjer klokka ni om morgonen, fortel søster Victima.

Den daglege messa er eit høgdepunkt.

Den daglege messa er eit høgdepunkt.

Foto: Mari Hildung / Perspektiv Museum

Nonnene et frukosten åleine, men når det er middag og kveldsmat, går dei i samla prosesjon inn til matsalen, som blir kalla refektoriet. Alle måltida skjer i absolutt stille, bortsett frå i høgtidene jul og påske.

– Då pratar vi og ler og har det hyggeleg saman, seier søster Victima.

Kvar dag er det sett av ein time til lesing av åndelege bøker.

Nonnene arbeider òg et par timar kvar dag med praktiske ting. Arbeidet består i kjøkkenteneste, reingjering eller arbeid i klosterhagen. Nokre av nonnene driv med måling av ikon og produksjon av lys. Dette sel dei til folk som kjem innom klosteret.

Nonnene plukker rognebær i klosterhagen.

Nonnene haustar rognebær i klosterhagen.

Foto: Karmel Totus Tuus

Klosterlivet er eit særs regulert liv, og nokre ville kanskje ha kjeda seg.

Kjeda meg? Eg?

Søster Victima ler høgt og lenge.

Å nei, du. Aldri! Eg har aldri opplevd å kjeda meg i klosteret! Eg tilber Gud og får vera nær Han heile dagen. Det er aldri kjedeleg.

Søster Victima har måla eit ikon av den heilage Maria og viser det fram.

Søster Victima målar ikon av den heilage Maria, som er den viktigaste helgenen for karmelittane.

Foto: Tore H. Paulsen

Nonna er glad for at ho har ofra livet sitt til Gud for å hjelpa oss andre.

Dei som lever berre for si eiga skuld, blir ulykkelege. Men vi nonner lever for andre gjennom bøna, og har ikkje tid til å tenkja på oss sjølve, avsluttar søster Victima.

  • Søster Victima er ikkje den einaste som har fått eit kall. I Helene sjekker ut: Familier i kloster kan du møte to familiar med born som har flytta til ei lita bygd ved Sognefjorden og laga sitt eige kloster.