Hopp til innhold

- Bli der til du dør

Våren 2002 vart to jenter frå Sarpsborg lurt med ut av Norge og til Iran. I følgje jentene vart dei fortalt av sin onkel at dei skulle på ferie til Nord Irak, men i staden tok han dei med til det landet jentene hadde flykta frå som småborn, Iran.

”Her skal du bli til du dør, din hore,” seier onkelen, idet søstrene stig ut av flyet på Meharabad flyplass i Teheran. Når dei landa i Teheran denne våren, hadde ikkje Kadije vore i Iran sidan ho var to år gamal, no var ho 14.

Det har no gått seks år sidan dette skjedde. Søstrene Menije og Kadije Ravandost er fortsatt sterkt prega av situasjonen.

Fekk opphold likevel

Den eldste systera, Menije er enno i Iran, motlaus etter utallige forsøk på å kome seg heim til Noreg. Verken Kadije eller Menije har fått noko hjelp frå norske myndigheiter sjølv om jentene prøvde utallige gongar å få hjelp til å returnere til Noreg.

I utlendingsforskrifta står det at ein ikkje skal miste busettingstillatelsen før ein har vore utanfor Noreg i meir enn to år. Derfor skulle den norske ambassaden i Teheran ha hjelpt jentene attende til Noreg før dei to åra var omme, i fylgje advokaten til jentene.

Utlendingsforskriften §49

Inga hjelp å få
Norske myndigheiter meiner at jentene ikkje har gjort tilstrekkelege forsøk på å komme seg attende til Noreg.

Men allereie same haust som jentene vart tekne med til Iran, 23.oktober 2002 mottok den norske ambassaden i Teheran eit brev frå Menije der ho skriv: ”I request a visa so that I can go back to Norway as soon as possible. I don’t have necessary security in Iran.”

Også året etter, 23.desember 2003 noterer UDI at dei har motteke ein telefon frå Kadije Ravandost. “De har vært i kontakt med den norske ambassaden, men får etter egne opplysninger ikke snakke med de norske ansatte. De blir avvist av iranske medarbeidere. De har bosettingstillatelse i Norge, men har allerede befunnet seg i Iran i et år.” ”De ønsker at UDI skal kontakte ambassaden slik at familien kan bli hjulpet hjem til Norge.”

Dette er to dokumenterte henvendelsar som jentenes advokat meiner at norske myndigheter ikkje har gjort noko med. I fylgje jentene har dei også prøvd å få hjelp frå barnevernet i Sarpsborg, politiet i Sarpsborg, sosialkontoret, flyktningkonsulenten, vener og lærarar, som alle har råda dei til å kontakte ambassaden eller UDI.

Kadije klarte å ta seg ut av Iran i 2006. Ved hjelp av menneskesmuglarar og norske støttespelarar klarte ho å flykte til Noreg via Hellas. Ho kjem seg trygt til Noreg i januar 2007. Her lever ho i skjul i to månader før ho ikkje orkar meir og vel å søkje asyl i Noreg, landet der ho vaks opp. Kadije har no fått førebels arbeidsløyve medan ho ventar på at norske myndigheiter ferdigbehandlar saka hennar.

Norske myndigheiter meiner ho har større tilknytning til Iran, som ho flykta frå fyrste gongen som toåring.

Hennar eldre syster, Menije er fortsatt i Iran og fekk endeleg avslag frå Utlendingsnemnda 1. Juni 2007. Ho får ikkje kome attende til Noreg, men hennar advokat, Randi Hagen Spydevold har bestemt seg for å prøve hennar sak for retten.

Etter utallege avslag frå Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemda skal saka til Menije for retten 27. mai. Menije saksøkjer då staten ved UDI for brudd på forvaltningslova. Ho meiner at ho hadde krav på hjelp dei to fyrste åra ho var i Iran.