Hopp til innhold

«God kveld, her er Dagsrevyen»

Dagsrevyen er det eldste programmet på norsk TV, og har vore eitt av dei mest sette programma i 60 år. Men no må dei jobbe hardt for å nå nye generasjonar TV-sjåarar.

Dagsrevyen fra 1959

Frå Dagsrevyen-studio i 1962. Anledningen er den første direkte-overføringen av tv fra USA til Europa via satelitten Telstar. Vi ser frå venstre: Per Øyvind Heradstveit, Dagfinn Bernsten og Erik Tandberg.

Foto: NRK / NRK/Arkiv

2. desember i 1958 gjekk den første Dagsrevyen på lufta med filmar frå inn- og utland. Programleiarane Oddvar Foss og Anders Buraas leste kommentarane på dei samanklipte filmsnuttane frå studio.

Forma kunne minne om Filmavisen som kvar veke viste eit samandrag av aktuelle hendingar. Aktualitetsfilmen blei vist som førfilm på norske kinoar mellom 1941 og 1963.

I den første Dagsrevyen fekk sjåarane blant anna sjå ferske opptak frå opninga av Nordlandsbanen til Fauske, og ei omvising i Høgblokka i regjeringskvartalet som nettopp var ferdig. Dagen etter meinte Aftenposten at det var noko vekslande kvalitet på innslaga.

«Det er sikkert ingen lett oppgave – særlig for amatører – å filme for fjernsynet. Derfor får man vel ta de meget svake opptak fra Nordlandsbanen til Fauske med godt humør (...) Men det var i alle tilfelle tydelig forskjell da Arild Nybakken kom inn på skjermen med sine rundturer i Regjeringsbygget og det nye shoppingsenter på Veitvedt.»

– Dagsrevyen overtok både stilen og fotografane til Filmavisen. Etter kvart utvikla programmet seg gradvis til det vi kjenner i dag, seier professor Henrik G. Bastiansen ved avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.

Den første tida blei Dagsrevyen sendt to kveldar i veka. I 1959 blei dette utvida til tre kveldar i veka. Den fjerde kvelden kom i 1962. Først i 1967 fekk Dagsrevyen daglege sendingar.

Måtte ta eit vegval

Det var usemje internt om kva slags journalistikk Dagsrevyen skulle lage. På den eine sida stod dei som meinte Dagsrevyen skulle vente på at nyheitene skjedde, og så skulle dei fortelje kva som hadde skjedd.

På den andre sida stod dei som meinte Dagsrevyen burde vere meir aktiv og drive undersøkande journalistikk.

Kjøreplan Dagsrevyen 2. desember 1958

Køyreplanen som viser den første sendinga til Dagsrevyen i 1958. Prøvesendingane på kveldstid blei sende to gongar i veka, tysdagar og fredagar. Sendingane frå dei første åra er ikkje tekne vare på.

Foto: NRK

Det blei den aktive forma som etter kvart vann fram. Vendepunktet kom i juni 1963, seier Bastiansen. Då kom rapporten om Kings Bay-ulukka på Svalbard året før til Stortinget. I staden for å vente på neste utvikling, valde Dagsrevyen ei meir aktiv haldning i rapporteringa.

Reporter Per Øyvind Heradstveit reiste ned til Stortinget. Der samla han dei seks parlamentariske leiarane i to sofaer og intervjua dei. Intervjuet sette dagsorden i saka.

– Det som blei sagt i dette intervjuet, blei referert i avisene dagen etterpå. Det sette dagsorden for den vidare saka som førte til at regjeringa gjekk av etter sommaren, seier Bastiansen.

Ulykken utløste den største krisen i norsk politikk etter krigen.

Kings Bay-ulykka utløyste den største krisen i norsk politikk etter krigen. Den 40 timar lange debatten i Stortinget i 1963 blei sendt direkte på TV og radio. Mange av politikarane brukte solbriller under debatten fordi dei meinte TV-lyset var så sterkt.

Per Øyvind Heradstveit blei kjent for ein direkte intervjustil, som han dyrka vidare i program som «Åpen post» og «På sparket».

Endra journalistikken

Utover på 1970-talet fekk Dagsrevyen ein sterk posisjon i folket. Det blei flaggskipet til NRK på TV. Folk benka seg framfor fjernsynsapparatet for å få ei oppsummering av dei viktigaste nyheitene. I mange heimar var dette eit fast ritual som gjentok seg kvar kveld.

Redaksjonen laga også debattprogram og spesialprogram i samband med store hendingar som val og folkeavstemmingar.

I 1972 stemte Noreg nei til å bli med i EF. Det var steile frontar mellom dei to sidene, og Dagsrevyen følgde oppteljinga av stemmene utover kvelden. I TV-studio var det ei pil som vippa mellom ja og nei medan oppteljinga gjekk føre seg. Til slutt var det neisida som fekk flest stemmer.

Folkeavstemminga om norsk medlemskap i EF/EEC i 1972 var splittande. På sjølve dagen for avstemminga, følgde Dagsrevyen oppteljinga. Det blei ein særs spennande kveld for både ja- og neisida.

I den politiske redaksjonen i Dagsrevyen arbeidde det fok som Herbjørn Sørebø, Lars-Jacob Krogh, Geir Helljesen og Bjørn Hansen. Ein av dei som byrja som reporter på byrjinga av 1970-talet var Tom Berntzen.

– Vi fekk rom til å drive undersøkande journalistikk og prøve ut nye ting. Vi byrja blant anna å gå med filmkamera i vandrehallen på Stortinget for å få stilt spørsmål til politikarane når dei kom ut frå salen.

Før kommunevalet i 1983 fekk Tom Berntzen og Bjørn Hansen oppgåva med å leie partileiarutspørjingane. Dei var pågåande og kravde svar frå politikarane om det som stod i partiprogramma. Ein del sjåarar reagerte på stilen, og meinte dei var uhøflege som ikkje lét politikarane få snakke ut.

Partilederutspørring i Valgtimen nr. 10 VALGTIMEN NR. 10

Bjørn Hansen (t.v.) og Tom Berntzen fekk mykje merksemd for den pågåande stilen dei hadde i partileiarutspørjingane før kommunevalet i 1983. Her er det Kjell Magne Bondevik i KrF som blir «grilla».

Foto: Videograbbet / NRK

I dei tidlege politiske debattane på TV brukte dei stoppeklokke for å sikre rettferdig taletid til alle politiske parti. Men denne blei etter kvart skrota. Men for å ha ein viss orden på tinga, blei det innført strenge reglar for innlegg og replikk.

Men tolkinga av reglane kunne vere tidvis flytande for både programleiarar eller politikarar, noko dette komiske utdraget frå partileiardebatten i 1983 viser:

Debatt fra 1970-tallet med veldig mange regler, og da blir det rot.

Kamp om forma

Dei interne kampane i Dagsrevyen har følgd programmet heilt sidan starten. I 2017 gav Viggo Johansen ut memoarboka «Her er Dagsrevyen – Makten og menneskene bak nyhetene». Han jobba i Dagsrevyen i over 30 år som reporter, korrespondent, programleiar og sjef.

– Det har vore mange kampar både internt og eksternt. Men eg trur dette har gjort Dagsrevyen betre. Spenningane og konfliktane har gjort at vi har teke val som har utvikla og skjerpa programmet.

Blant dei tinga som har skapt motsetningar dei siste tiåra er blant anna interne omorganiseringar, konkurransen med TV 2 og forholdet til distriktskontora. Johansen seier det også har vore konfliktar mellom personar og posisjonar. Ein viktig årsak til dette er at Dagsrevyen har mange sjåarar og har vore viktig politisk.

Men han meiner det er naturleg at det kan oppstå gnissingar i ein slik redaksjon.

– Leiar du ein redaksjon, kan du ikkje vere konfliktsky. Eg meiner journalistiske leiarar som ikkje vil ha makt og innverknad, ikkje er gode leiarar.

Viggo Johansen

Viggo Johansen var både reporter, korrespondent, programleiar og sjef i dei over 30 åra han var ein del av Dagsrevyen.

Foto: Fredrik Arff / NRK

Sjølv var Johansen ein del av fleire dragkampar i Dagsrevyen. Som reporter var han ein del av ein strid om forteljarteknikk. Det var usemje om kva som skulle vere det berande elementet i ein reportasje, bileta eller intervjuet.

Og som sjef for Dagsrevyen ivra han også for eit kortare og strammare program.

– Eg ønskte mindre vekt på utanriks, og meir vekt på innanriks og sport. Vi innførte daglege sportssendingar og to programleiarar. Det førte til auka sjåartal, seier Johansen.

Det er ikkje alltid det går slik det skal under ei direktesendt sending. Tidlegare ringde ein telefon i studio når det var viktige beskjedar til programleiaren undervegs i sendinga.

Ny konkurranse

Då TV 2 kom på lufta i 1992, oppstod det ein ny konkurransesituasjon for NRK, og både Dagsrevyen og dei andre TV-redaksjonane måtte skjerpe seg og fornye seg før oppstarten.

Eitt av grepa som blei gjort i Dagsrevyen, var å flytte sendinga frå 1930 til 19. Meininga var at programmet skulle leie folket inn i TV-kvelden. Det gjorde at TV 2 måtte velje eit anna tidspunkt for sine nyheitssendingar.

TV 2 prøvde å hente Tom Berntzen til kanalen året før, men han blei overtalt til å bli verande i NRK. Han fekk tilbodet om å bli aktualitetssjef, og seinare distrikts- og nyheitsredaktør. Han meiner den første nyheitssendinga til TV 2 var ein siger for Dagsrevyen.

– Folk trudde TV 2 skulle ta knekken på Dagsrevyen. Vi fekk høyre at vi var gamaldagse og sidrumpa. Men vi hadde fornya oss, og meinte vi var gode nok. Den første nyheitssendinga til TV 2 viste at dei var gode, men vi blei ikkje skremde. Og posisjonen til Dagsrevyen blei ikkje vesentleg svekka etter at dei kom på lufta.

Studio 5

Studio 5 på Marienlyst har vore det faste studioet til Dagsrevyen i ei årrekke. Slik ser studio ut i dag.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

Tunge endringar

Men også Berntzen fekk kjenne på den interne striden i redaksjonen. For å møte konkurransen frå TV 2 måtte dei omorganisere. Den teknologiske utviklinga gjorde at TV 2 kunne sende ut einmannsteam, som gjorde det billegare å lage nyheitssendingar.

– Vi hadde ein tungrodd organisasjon med motstand mot omorganisering. Og det blei enda tyngre då vil ville at folk skulle levere til både radio og TV.

Han ønskte også at Dagsrevyen skulle vere meir til stades fleire stader i landet. Det var difor eit mål med meir direkterapportar. I tillegg skulle Dagsrevyen vere raske på pletten med ekstrasendingar når det skjedde noko stort, sjølv om det var vanskeleg med den teknologien som var på den tida.

Tom Berntzen

Tom Berntzen var distrikts- og nyheitsdirektør i NRK i ei tid der Dagsrevyen møtte konkurranse frå eit nystarta TV 2, og etter kvart nyheiter på nett.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Men etter kvart kom utviklinga på Dagsrevyens side, og det blei enklare å sende direkte når noko skjedde. Det gav også Dagsrevyen ein samlande funksjon ved store dramatiske hendingar.

Då det første flyet køyrde inn i World Trade Center 11. september 2001, skjedde det rett før ei planlagd nyheitssending klokka 15. Undervegs i sendinga blir det andre flyet køyrt inn i bygningen. Kort tid etter at dei hadde gått av lufta, var dei klare med ei ny sending som følgde utviklinga utover ettermiddagen og kvelden.

Og etter terrorangrepa 22. juli 2011 samarbeidde dei ulike redaksjonane i NRK for å lage nyheitssendinga på TV som samla folk i sorg og undring i fleire dagar.

I dagane etter at terroren råka Noreg i 2011, var det mange som såg dei ekstra nyheitssendingane på TV for å få vite meir om det som hadde skjedd.

Endra sjåarvanar

Åra fram mot tusenårsskiftet var gode år for Dagsrevyen, og blir rekna som gullalderen. Dei gode tala heldt også fram nokre år inn på 2000-talet, og toppa seg i 2003. Då var det i snitt 865.000 personar som såg 19-sendinga kvar dag. Det vil seie at 70 prosent av dei over 12 år som såg TV på det tidspunktet, valde Dagsrevyen.

Men dei siste åra har TV-vanane våre endra seg. Medan vi før samla oss framfor skjermen på det tidspunktet favorittprogramma blei sendt, er det no stadig fleire som ser program når det passar inn i dagsplanen til den enkelte.

Det er særleg dei under 40 år som har lagt seg til nye medievanar, med nyheitsoppdateringar på nettet gjennom dagen, og strøyming av program på kveldstid. Gjennomsnittsalderen på ein Dagsrevyen-sjåar i dag er 60 år. Berre 9 prosent av publikum er under 40 år.

Sjåartall for Dagsrevyen 19 sidan 2000

År

Rating i 1000

Sjåardel i prosent

2000

831

67

2001

841

69

2002

840

70

2003

865

70

2004

845

69

2005

810

68

2006

773

67

2007

723

65

2008

722

59

2009

740

58

2010

750

57

2011

764

59

2012

730

57

2013

705

58

2014

692

56

2015

701

58

2016

659

57

2017

641

60

2018 (t.o.m. veke46)

566

60

Ekspander/minimer faktaboks

Tidlegare såg vi at dei unge endra medievanane etter kvart som dei blei eldre. Det å lese avisa og sjå Dagsrevyen var ein del av det å bli vaksen. Men det er uvisst om vi vil sjå denne trenden også i framtida, seier professor Gunn Enli ved Institutt for medievitenskap ved Universitetet i Oslo.

– Vi har sett tidlegare at livsfase har gjort at unge blir trufaste sjåarar på sikt. Men endra mediebruk mellom generasjonane saman med teknologisk utvikling der sosiale medium og internett gir tilgang til nyheiter heile døgnet, gjer nok at gullalderen til Dagsrevyen er forbi.

Likevel er det framleis glør i leirbålet. Trass i at det er færre som ser på lineært TV, har Dagsrevyen klart å halde på marknadsdelane. Hittil i år har programmet i snitt samla 566.000 sjåarar kvar kveld. Det vil seie at tre av fem av dei som ser på TV mellom 19 og 1945, ser Dagsrevyen.

Professor ved UiO, Gunn Enli

Medieprofessor Gunn Enli meiner gullalderen til Dagsrevyen er forbi. Ho trur likevel at programmet vil halde fram i ei eller anna form i uoverskodeleg framtid.

Foto: UiO

– Dagsrevyen er framleis eit flaggskip for NRK, og har også ein unik marknadsdel når vi samanliknar oss med utlandet. Dette viser at vi framleis er virile og viktige, seier Hanna Thorsen, som er sjef i Dagsrevyen i dag.

På grunn av endringane blant publikum arbeider redaksjonen difor med å fornye seg, samtidig som dei prøver å utvikle programmet vidare.

– Vi prøver ut nye måtar å publisere stoffet vårt på, som klipp på nett og reportasjar i nettspelaren. I tillegg jobbar vi også med å gå meir direkte og få dei viktigaste gjestane i studio.

Vegen framover

Dei har også gjort brukarundersøkingar for å finne ut kva folk ønsker seg av nyheiter. Det viser at nyheitsinteresserte nordmenn vil ha både det lokale og det globale. I tillegg ønsker mange seg konstruktiv journalistikk.

– Vi skal fortelje om ting som er vondt og vanskeleg, men det er også viktig at vi kan fortelje om ting som går bra og at det også finst løysingar.

Dagsrevyen ønsker også å fortelje nyheiter frå heile landet. Difor er det no øyremerka reporterar på distriktskontora som lagar reportasjar til programmet.

– Det har ført til at vi har meir og betre stoff frå heile landet. Og det gjer også at vi blir meir relevante.

I dag er store mengder informasjon lett tilgjengeleg på nett. Og dei seinare åra har det også kome fram at publisering av falske nyheiter har blitt ein eigen industri. Thorsen meiner difor Dagsrevyen framleis har ein funksjon.

– Eg trur publikum også i framtida har eit behov for eit program som Dagsrevyen som samlar trådane. I den mediesituasjonen vi har i dag, er vi avhengige av at det er nokon som kan formidle faktabaserte nyheiter med høgt truverd.

Heller ikkje medieprofessoren trur Dagsrevyen kjem til å forsvinne i uoverskodeleg framtid. Til det er programmet for viktig for NRK, meiner Gunn Enli.

– Dagsrevyen har alltid vore i endring, og programmet vil halde fram med å tilpasse seg medievanane til publikum. Eg trur flaggskipet Dagsrevyen er så viktig for NRKs identitet og rolle som allmennkringkastar at det kjem til å halde fram i ein eller annan variant.

Hva kan du om Dagsrevyen? Ta vår quiz!

1/11 Dagsrevy-musikken

Se Dagsrevyens åpningsvignett.

Hvem har skrevet musikken til Dagsrevyens åpningsvignett?

2/11 Eurovision Song Contest

Oversiktsbilde over Oslo Spektrum under finalen i Eurovison Song Contest 1996

Oversiktsbilde over Oslo Spektrum under finalen i Eurovison Song Contest 1996.

Foto: Per Løchen / NTB scanpix

En programleder i Dagsrevyen har ledet den internasjonale finalen i Eurovision Song Contest. Hvem var det?

3/11 Begynte å le

Se programlederen få latterkrampe.

En programleder i Dagsrevyen begynte på 1970-tallet å le da hun skulle melde en nyhet om strømbrudd i Lofoten. Hva het hun?

4/11 Krimforfatter

Fra venstre: Jørn Lier Horst, Karin Fossum og Anne Holt.
Foto: Scanpix

En programleder i Dagsrevyen ble senere en kjent forfatter av kriminalromaner. Hvem?

5/11 45 minutter lang

Knut Olsen og Nina Owing var programledere

Knut Olsen og Nina Owing var programledere for den første vanlige sendingen på hverdager på 45 minutter.

Foto: NRK

Når ble Dagsrevyen utvidet fra 30 til 45 minutter?

6/11 Første kvinne

Møte i Dagsrevy-redaksjonen i 1964.

Møte i Dagsrevy-redaksjonen i 1964. Den første kvinnelige programlederen er i hvit bluse.

Foto: Aage Storløkken / NTB scanpix

Hvem var Dagsrevyens første kvinnelige programleder?

7/11 Ambassadør

Elven Sava renner gjennom Kroatias hovedstad Zagreb

Elven Sava renner gjennom Kroatias hovedstad Zagreb. Her ble en programleder senere ambassadør.

Foto: Ivan Antolic - Wikimedia CC

En av Dagsrevyens programlederne ble senere ambassadør. Hvem?

8/11 Stortingsrepresentant

Dronebilde av Stortinget
Foto: Tore Meek / NTB scanpix

En programleder i Dagsrevyen har også vært vararepresentant til Stortinget? Hvem?

9/11 Klokken 19.00

Når ble starten på Dagsrevyen flyttet fra en halvtime frem, fra klokken 19.30 til 19.00.?

10/11 Farge-TV

Einar Lunde er den som har vært programleder lengst i Dagsrevyen.

Einar Lunde er den som har vært programleder lengst i Dagsrevyen (1970-2010) og har ledet sendingen i både svart/hvitt og farger.

Foto: Vidar Knai / NTB scanpix

De første årene ble Dagsrevyen sendt i svart/hvitt. Når begynte Dagsrevyen å sendes i farger?

11/11 På søndag

Når startet Dagsrevyen med sendinger på søndag?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

Se videoer fra de største nyhetsøyeblikkene de siste 60 årene i artiklene fra hvert tiår.