Hopp til innhold

Vurderer å undersøke fleire gangbruer

Det er framleis uvisse om kva som skjedde då ei tung betongbru deisa i bakken på riksveg 35 ved Vikersund torsdag. Statens vegvesen vil måndag vurdere om dei må undersøke fleire bruer rundt om i Noreg.

Gangbru på riksvei 35

Ingen vart skadd då brua frå 1979 kollapsa torsdag kveld. Det finst fleire av same type i Noreg.

Foto: Vegard M.Aas / Presse 3.0

– Det er klart at det skremmer oss at ei tung betongbru kollapsar over vegen, når ein tenker på kva som kunne ha skjedd, seier fungerande prosjektleiar for drift- og vedlikehald i Statens vegvesen, Bjørn Nyhus.

Teknikarar frå vegvesenet og politiet er i gang med å undersøke gangbrua som raste over riksveg 35 torsdag kveld. Brua frå 1979 er av ein type som blei mykje brukt på sytti- og åttitalet rundt om i Noreg. Ho er bygd av preproduserte betongelement.

Statens vegvesen kontrollerte gangbrua over riksveg 35 for eitt år sidan. Dei veit enno ikkje kvifor brua raste saman.

Usikre på kvifor brua kollapsa

Gangbru revet ned

Gangbrua ligg i eit populært turområde i Vikersund. Ho har blant anna blitt brukt av skuleelevar som er på tur i skogen.

Foto: Vergard M. Aas / Presse 3.0

– Vi er ikkje nærare noko konklusjon, men det er formelt politiet som fullfører etterforskinga. Vi kan heller ikkje sjå bort frå at lastebilen som var i nærleiken av brua då den kollapsa hadde noko med det å gjere, seier Nyhus.

Lastebilsjåføren seier til Bygdeposten at han høyrde ein smell, men merka ingenting på bilen. Han kan ikkje forstå at lastebilen kan ha vore borti brua.

– Vi vil ta tak i dette på måndag, og då kan det uavhengig av politiets etterforsking bli set i gong inspeksjonar av liknande bruer rundt om i Noreg, seier Nyhus.

Flere nyheter fra NRK Buskerud