– Vi meteorologane har enkle dagar framover. Vêret ut veka er svært føreseieleg, fint i sør med nokre regnbyer. I nord blir det jamt regn og vind, samanfattar vakthavande meteorolog Charalampos Sarchosidis.
Han fastslår at sjølv om Sør-Noreg får fine dagar og ei god helg i vente, har vêret forandra seg til det meir haustlege.
– Måndag var nok den siste dagen med skikkeleg sommarvarme, der vi kunne sjå 25 grader fleire stader. Tysdag var 23,9 grader det høgaste – og framover blir det vanskeleg å nå 20 grader. I Sør-Noreg blir vel temperaturen liggjande på mellom 16–18 grader, men det er jo ganske så bra til å vere så seint i august, legg Sarchosidis til.
Litt kald nordavind
I tillegg til eit fall i temperaturen vil Sør-Noreg også måtte belage seg på nokre regnbyer og kald vind frå nord.
– Det vil blåse ein del frå nord, men finn ein seg stader i le, blir det fint, seier han. Men altså lurt å vere førebudd på nokre regnskurar.
Badetemperaturane vil framleis vere gode.
– Vatnet blir kjølt saktare ned enn lufta, så det vil halde seg ganske varmt ei stund til. Det er på land det blir kaldare, presiserer han.
Så, om du vil hoppe i sjøen, gjeld det kanskje å finne gode stader i le for den litt hustrige nordavinden.
Ha vindusskrape klar
Det vil vere mykje klarvêr i sør, og når temperaturane fell, betyr det at det kan bli nattefrost enkelte stader i fjellet.
– På Filefjell vart det registrert minus 4,6 natt til onsdag, så her måtte nok bileigarar skrape rutene sine, seier Sarchosidis.
Frå Møre og Romsdal og nordover blir dagtemperaturane lågare – og i heile Nord-Noreg vil dei liggje på rundt 8–13 grader fram til søndag.
Vinden blir frå nordvest, periodevis med kuling.
Kvite fjelltoppar
– Det blir regnbyer i heile området, og det betyr også kvite fjelltoppar fleire stader. I Troms har ein allereie sett fersk snø på toppane, og det vil gjenta seg fleire høgtliggjande stader dei neste dagane, seier meteorologen.
Nord-Noreg under eitt blir svært føreseieleg dei neste dagane; med regnbyer, same temperaturar og vind frå nordvest. Ingen stor dramatikk, ingen farevarsel – berre rett og slett litt kjedeleg vêr, er konklusjonen.
(NPK)