Det norske trafikksikkerheitsarbeidet er tufta på samarbeid, og lokale bidrag og initiativ er ein veldig viktig del, melder Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.
Dei kunngjer at dei opnar opp lommeboka.
5 millionar kroner blir gitt til små og store lokale trafikksikkerheitstiltak i landet.
– Folk skal vere trygge på at dei kjem seg fram dit dei skal, når dei ønsker det. Det er eit felles ansvar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier at slike tilskot er heilt nødvendige for å redusere talet på drepne og skadde i trafikken.
Foto: Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRKHan understrekar at nullvisjonen om at ingen skal omkomme eller bli hardt skadde i trafikken ligg fast, og den er ei rettesnor i absolutt alt dei gjer i transportsektoren.
– Vi ønsker å støtte gode lokale initiativ som kan bidra til at vi når denne visjonen, og i år deler vi ut 5 millionar kroner til 33 prosjekt i ulike delar av landet, seier Nygård.
– Langt igjen til vi når målet om null drepne
Samferdselsdepartementets tilskotsordning til trafikksikkerheitstiltak er ein del av satsinga på trafikksikkerheit.
Etter to svært mørke år i 2022 og 2023, har pilene begynt å peike i rett retning etter 2024. I fjor var ein milepæl for trafikksikkerheita i Noreg da færre enn 100 personar mista livet på vegane, heiter det i presseskrivet.
– Det er sjølvsagt fint at utviklinga går rette vegen, men det er framleis langt igjen til vi når målet om null drepne og hardt skadde. Derfor er samarbeidet som det norske trafikksikkerheitsarbeidet er tufta på spesielt viktig. Lokale initiativ og bidrag, slik som dei som har fått tilskot i år, er heilt nødvendige for at vi skal klare å redusere talet på drepne og skadde i trafikken, seier Nygård.
Gangfelt og fartsdemparar
I 2025 har fleire prosjekt fått midlar, blant dei to kommunar i Buskerud:
Flesberg kommune blir tildelt 225 00 kroner for å etablere gangfelt mellom bustadfelt og barnehageområde.
Hol kommune blir tildelt 65 000 kroner for å etablere to fartsdemparar på ein kommunal veg og kjøpe inn refleksvestar til kommunalt tilsette som kan brukast på synfaringar i trafikken.
Om tilskotsordninga:
- Sidan 2013 har Samferdselsdepartementet administrert ei tilskotsordning til trafikksikkerheitstiltak. Ordninga har vore retta mot lokalt trafikksikkerheitsarbeid i regi av kommunar, frivillige organisasjonar, interessegrupper og andre lokale aktørar.
- Formålet med tilskotsordninga er å støtte initiativ og engasjement i arbeidet med auka trafikksikkerheit i tråd med det overordna målet om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken – nullvisjonen.