Dette er det høgste beløpet Buskerud nokon gong har fått frå regjeringa, og det er 18 millionar kroner meir enn året før.
– Vi ble veldig glad for denne auka i midlar. Vi ser og med glede på den nye trenden med møtestader for uorganisert trening, nærmiljøanlegg rundt i bygdene som no kan få pengar. Det gleder mange friviljuge krefter, seier Turid Wickstrand Iversen, nestleiar i hovudutvalet for regionalutvikling og kultur i Buskerud fylkeskommune.
Årsaken til auken er at det rett og slett er søkt om høgare beløp frå fleire idrettsanlegg enn tidlegare. Det er press på midlar til nye løyper, bygg og anlegg.
Heile fylket får
– Dei etablerte og store anlegga får nok dei største summane, for det er kostbare prosjekt. Det er likevel gledeleg at stønaden blir spreidd over heile fylket. Dei som er ivrige til å skape tiltak for ungdom får likevel utelling for søknadane sine, seier Iversen.
Ventetida for dei som har søkt på midlar til nye idrettsanlegg går og ned med auken i potten som kan bli fordelt.
Det er regjeringa som fordeler spillemidlane, som er overskottet til Norsk Tipping, til bygging av idrettsanlegg i fylka. Politikarane i fylkeskommunen avgjer kva slags lokale anlegg som får pengar.