Fakta
Fleire av dei tiltalte skal vera med, og politiet set i verk omfattande tryggingstiltak. Politimeister Christine Fossen vil ikkje opplyse kva tiltaka er, men seier dei etter politiet si meining er tilstrekkelege.
Tryggingstiltaka politiet legg opp til vil medføre stenging av nedre deler av Konnerudgata. Retten med domarar, aktorat, forsvararar og fleire av dei tiltalte skal sjå korleis det ser ut der bomba eksploderte for snart fem år sidan. Befaringa vil finne stad mellom klokka 12.00 og 15.00 og i denne tida vil det bli uråd for utanforståande å ferdast i området rundt bombetomta. Nicolaysen reknar med at befaringa vil vare cirka to timar.