Hopp til innhold

Musea du kanskje ikkje veit om

Museum som British Museum i London, Munch-museet i Oslo og Blaafarveværket på Modum er kjente og godt besøkte. Her er nokre museum som er så små at du kanskje ikkje veit om dei.

Collasje over små museer

Noreg har fleire hundre små museum som kvart sitt vis fortel historia om landet vårt. Og om motorsager, trykkerikunsten, sementproduksjon og mykje meir.

Foto: NRK

Er kjent kunst, stabbur frå Gudbrandsdalen eller vikingskip noko du liksom har gjort unna på kulturvandringa di i sommar?

Vil du lære meir om trykkekunsten, vite alt om kart eller dykke inn i motorsagas utvikling og historie i sommar, så les vidare. For det er slett ikkje alle museum som er like kjente, tilgjengelege eller breie som dei store institusjonane.

Norsk Kartmuseum

Den første kartkostruksjonsmaskinen

Den første kartkonstruksjonsmaskina kan du kike på i Norsk Kartmuseum i Hønefoss.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Ned fleire trapper, langt inne i ein gang på Kartverket i Hønefoss er det lite som minner om eit museum. Her er det ingen skilt, billettluker er salsbuer.

Bjørn Geirr Harsson slår inn ein kode på tastaturet ved den tunge døra og opnar med eit stolt smil om munnen. Han er leiar av Norsk Kartmuseums venneforeining.

– Og her er Norsk Kartmuseum. Dette er ganske eineståande i Europa. Vi kjenner til eit anna kartmuseum i München i Tyskland, medan dei to i Sverige og England er i ferd med å pakke saman.

Han viser fram ei av dei første kartkonstruksjonsmaskinene. Lokalet er fylt med måleinstrument, kart og andre hjelpemiddel som har vore i bruk sidan Norges Geografiske oppmåling vart etablert i 1773.

Museet har om lag 3–400 besøkande årleg.

Motorsagorgie

Rett ved den vakre Åsaelva i Ringerike ligg Kjerratmuseet. Eit museum som fortel historia om korleis ein frakta tømmer oppover frå Drammensvassdraget i tidlegare tider. I fjor opna det her ein annan attraksjon, som kanskje ikkje har kome alle for øre enno.

Her kan du sjå ikkje mindre enn 300 ulike typar motorsager. Vi snakkar sjølvsagt om Motorsagmuseet. I eit lite tømmerhus peikar leiar av foreininga Kjerratmuseet, Arve Frydenlund på alle hyllene med motorisert moro.

– Her er ein 1938-modell. Det er den eldste vi har. Den skal blant anna ha blitt brukt på Eggemoen då tyskarane skulle rydde skog.

Men den største motorsagsamlinga i Noreg er det ikkje, det finst samlingar med over 1000 motoriserte sager.

– Men vi ønsker å få til den finaste samlinga, smiler Frydenlund.

Leiar av foreininga Kjerratmuseet, Arve Frydenlund

Arve Frydenlynd gir motorsagentusiastane ein dag i himmelen.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Sementen i sentrum

Cementmuseet, kjenn på ordet, det er så tørt at det støvar av det. Men det som finst bak dørene er på ingen måte for nerdar. Cementmuseet på Slemmestad i Røyken fortel om spanande norsk industrihistorie, og ikkje minst er dette historia om den vesle tettstaden Slemmestad ved Oslofjorden, som bokstaveleg tala er bygd på sement. Nærare 700 menneske hadde på det meste sement og stein som levebrød her.

Cementmuseet

Cementmusset på Slemmestad fortel deg alt det er verdt å vite om vegen frå knust stein til imponerande byggverk i betong.

Foto: Ingar Andreassen / NRK

– Sement er eit av dei viktigaste byggjemateriale vi har. Dei fleste tenker det er noko tørt, grått og kjedeleg. Men du trakkar på den kva dag, køyrer over bruer som er bygd av det og gjennom tunnelar som er moglege på grunn av sement, seier Liv Holmesland entusiastisk. Ho viser oss rundt i Cementmuseet.

Og ei som har tatt sommarferien i eige lokalmiljø er Bente Blomgraff, ho kikar interessert på alt her inne.

– Eg har gått og venta på at museet skulle opne, dette er kultur av beste klasse, smiler ho.

Dersom du vil oppdage nokre av dei fleire hundre små musea i Noreg, kan du bruke sommarferien resten av livet på å komme gjennom lista. Her er ei god oversikt.