Hopp til innhold

Må ta lappen på kveldstid

Pågangen hjå Statens Vegvesen frå ungdom som skal ta bilførarprøva er no så stor at sensorane må jobbe overtid og ta laurdagen i bruk for å komme i mål.

Ved førerkortskranken

Det er lang ventetid for å få køyre opp i de største byane i Noreg.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Arild Røkaas og Sindre Skui

Arild Røkaas, overingeniør ved trafikkstasjonen på Lier med Sindre Skui og kjøreskolelæraren hans.

Foto: Idar Krogstad / NRK
Sindre Skui

– Eg er lei av å ta bussen, det skal bli deilig å køyre sjølv til jobben, seier Sindre Skui (18).

Foto: Idar Krogstad / NRK

I Drammen er første ledige oppkøyringstime i midten av oktober. I Stavanger må du vente til slutten av oktober.

Sindre Skui er fatta men småbleik der han får siste inspirasjon frå køyrelæraren sin.

Det er ein stor dag, både fordi han fyller 18 år og fordi han no har moglegheita til å få den ettertrakta rosa plastlappen med ein «N» med ring rundt.

– Viktig å få lappen

– Det er viktig å få lappen. Eg er lei av å ta bussen, det skal bli deilig å køyre sjølv til jobben!

Han seier han ikkje er så nervøs, men ganske spent på korleis det heile skal skje.

Eleven og læraren lukkar bildørene og repeterer bilteorien ein siste gong før sensoren tek plass i passasjersetet.

Må ta kvelden og helga til hjelp

Overingeniør Arild Røkaas ved trafikkstasjonen på Lier seier den lange køa av unge og vaksne som skal køyre opp kjem av at særs mange kommande motorsyklistar køyrer opp i sommarmånadane.

– Dessutan skal sensorane få seg ein velfortent ferie dei og. For å minske køane kjem sensorane til å jobbe overtid og vi planlegg ein oppkøyringsaksjon på ein av dei kommande laurdagane. Du kan no køyre opp til klokka åtte om kvelden.

Sjølve oppkøyringa tek ein time, men på heile Austlandet er ventetida mellom ein og to månader for å sleppe ut i trafikken saman med ein sensor.

Bur du i Tromsø kan du likevel få oppkøyringstime tidleg i september

– Vi har møter med køyreskulane slik dei kan planlegge treninga med elevane i god tid. Så lenge informasjonen er god betyr ikkje to månaders ventetid noko krise for dei kommande bilistane.

– Køyr meir

Problemet for mange kommande bilistar er at dei ikkje får nok køyretrening utanom dei formelle timane hjå køyreskulen.

– I dag tek tidsklemma oss alle, og både foreldre og ungdom sett ikkje av nok tid til trening. Det viser og ulukkestatistikken. Dei første åra med den rosa plastlappen i lomma er dei potensielt farligaste, seier Arild Røkaas.

Les også: Ventetid for lappen: sju uker

Alexander Lobben

Alexander Lobben har utvida den to år gamle lappen med ein bokstav.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Nervøs time

Inne på trafikkstasjonen står ein smilande Alexander Lobben. Han har utvida den to år gamle lappen med ein bokstav. No kan han køyre med tung tilhengar bak bilen.

– Det er veldig praktisk sidan eg jobbar som elektrikar. No kan eg få med meg mykje meir materialar når eg køyrer rundt.

– Var du nervøs under oppkøyringa?

– Sjølvsagt! Han gliser og får utdelt den midlertidige papirlappen som bevis på prestasjonen.

Overingeniør Røkaas kan sjølv hugse den viktige, skumle oppkøyringa.

– Det var mest alle rykta du hadde høyrt. Om at den og den sensoren var så streng. Men det gjekk bra, og det var ikkje slik trafikkeksperten hadde frykta.

Flere nyheter fra NRK Buskerud