Hopp til innhold

Fekk plutseleg krigen tett på: – Gløymer det aldri

Organist Unni Sofie Skjønhaug Fadum har spelt orgel i over 40 år. Aldri før har ho opplevd noko liknande.

Ukrainske Taisiia Yisinska.

Ukrainske Taisiia Yisinska flykta frå krigen i Ukraina for to veker sidan.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Søndagen for to veker sidan hadde Kongsdelene kyrkje valt krigen i Ukraina som tema for gudstenesta.

Organist Unni Sofie Skjønhaug Fadum.
Fadum avslutta med å spele den ukrainske nasjonalsongen. Ho hadde ikkje spelt mange taktane før det skjedde.
Ukrainske Taisiia Yisinska.
Rett under der ho sett, hadde Taisiia Yisinska reist seg, lagt handa på hjartet og begynt å synge så høgt ho kunne.
Ukrainske Taisiia Yisinska.
Tre dagar tidlegare flykta ho i all hast frå heimen i Kyiv. No reiste ho seg spontant i det tonane frå nasjonalsongen runga gjennom kyrkja.

Tusen tankar

– Eg kan ikkje beskrive den kjensla eg fekk då eg høyrde ho synge. Ho song så høgt og tydeleg. Eg kjem aldri til å gløyme den dagen, seier Fadum.

Organist Unni Sofie Skjønhaug Fadum
I spegelen kunne ho sjå at folk hadde reist seg og vart rørt av songen.
Organist Unni Sofie Skjønhaug Fadum
Tusen tankar gjekk gjennom hovudet.

– Eg skjønte jo at dette var ukrainsk song og at det var nokon som kunne nasjonalsongen – i vesle Kongsdelene kyrkje. Ingen kjem til å gløyme den dagen.

Ein liten tåre fyller augnekroken når ho tenker på det.

– Veldig stolt

Fadum fekk ikkje møtt Yisinska eller takka ho for songen der og då. Men ei veke seinare får dei gitt kvarandre ein klem som varmar i hjartet.

Yisinska omskapar hendinga for NRK og fortel kva som skjedde den søndagen ved hjelp av tolk Svitlana Biberg. Ho var ikkje heilt komfortabel med å synge så høgt.

Men kjensla av krigen sett i kroppen. Det var så ferskt. Ho berre måtte synge.

At kyrkjelyden reiste seg, opplevde ho som sterkt.

– Eg følte så mykje støtte til det ukrainske folket. Eg er så takksam for at eg fekk kome hit, seier ho.

– Eg ønsker å lære meg språket etter kvart. Så vil eg jobbe, sjølv om eg er pensjonist..

Men tryggleiken har kosta. Heime i Ukraina har ho mann, katt og hund.

– Det er tungt.

Ho flykta til Norge fordi ho har ei dotter og barnebarn her. Barnebarnet er konfirmant og var der søndagen bestemor song.

Organist Unni Sofie Skjønhaug Fadum og ukrainske Taisiia Yisinska.

Ei veke etter hendinga møtast Yisinska og organist Fadum.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Eg vart overraska. Ho har aldri gjort noko slikt før. Men eg er veldig stolt, det er tøft gjort. Det er fint å ha bestemor heime. No er ho trygg, seier barnebarnet Kira Hestnes stille.

barnebarnet Kira Hestnes er stolt over bestemora.

Barnebarnet Kira Hestnes er stolt over bestemora.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK