Hopp til innhold

Derfor er desse bilistane dei verste i trafikken

HOLE (NRK): Over halvparten av oss køyrer konsekvent over fartsgrensa. Det er spesielt ein type bilistar som oftast bryt reglane.

Illustrasjonsbilde bil forbi skule

Sjølv i 30- og- 40-soner køyrer mange alt for fort (illustrasjonsbilde).

Foto: Torkel Bergstøl / NRK

– Eg har opplevd å bli forbikøyrd av andre foreldre når eg skal levere i barnehagen. Det er skremmande, seier Tatjana Lehnes.

Ho trillar kvar dag ein trehjulssykkel fram til vegen ved huset sitt, for å minne bilistane på at det bur barn i området. Småbarnsmora meiner det er få som fylgjer fartsgrensa på vegen.

Trehjulssykkelen passar på

Tatyana Lehne håpar at trehjulssykkelen ho trillar ut til vegen skal ha effekt på bilistane som køyrer i rasande fart forbi.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Vil vere kongen på haugen

Dagfinn Moe kjenner desse bilistane att. Han har forska på nordmenns trafikkåtferd i mange år og meiner det finst to typar sjåførar.

– Duellføraren er oppteken av å vere nummer ein. Dei ser på andre bilistar som konkurrentar. Dei vil meistre trafikken og få ting til fyrst, seier Dagfinn Moe, seniorforskar ved SINTEF.

Dette tyder på at det er ei hovudvekt av duellførarar som køyrer forbi 50-sona ved huset til Tatjana i Hole.

Køyrde i 132 km/t i 50-sona

Nyleg kunne Ringerikes blad fortelje at Hole kommune etter påtrykk frå bebuarar har utført eigne fartsmålingar fleire stader.

Rett utanfor huset hennar hadde bilistane ein gjennomsnittsfart på 70 kilometer i timen, og den verste heldt ein fart på heile 132 kilometer i timen.

Trafikk ved skuleveg

Er du ein duellsjåfør eller samhandlingssjåfør? Trafikkforskar Dagfinn Moe meiner det finst to typar sjåførar.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Moe trur grunnen til at duellførarane ikkje fylgjer reglane, er at ein har lagt til seg dårlege vanar frå starten av sjåførkarrieren.

– Det å køyre for fort blir ei vane og eit mønster. Når dei har lykkast med det, held dei fram med å køyre for fort, seier forskaren og legg til:

– Det er ofte menn, ikkje berre unge, men menn i sin beste alder. Dei er opptekne av å vere kongen på haugen og ein meister på vegen, forklarer Moe.

Dagfinn Moe

Dagfinn Moe er seniorforskar innan åtferd og nevrovitskap og har spesielt forska på risiko i trafikken.

Foto: Erland Knutsen

Er du ein samhandlingssjåfør?

Den andre kategorien er langt mindre egoistisk.

– Ein samhandlingssjåfør tenkjer meir på fellesskapet og vil bidra til at alle skal få ete middag i dag.

Han understrekar at det er klart flest samhandlingssjåførar her til lands. Tala frå undersøkinga frå småvegane i Hole der dei registrerte bilistar på nesten 80 kilometer i timen i ei 30-sone i skuletida, er ikkje normalt.

– Det å køyre 5–10 kilometer over fartsgrensa i 60,70 og 80 soner er ikkje uvanleg. Men når du kjem til 30 og 50 soner, er det ikkje vanleg å køyre mykje over fartsgrensa.

– Å køyre i 70–80 kilometer i timen i ei 30-sone på dagtid er ekstremt, seier Mo.

Trafikkontroll

Det er duellsjåførane som naturleg nok oftast blir stoppa i kontrollar. Dei er også ofte unge menn.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Skal få 70 prosent til å fylgje fartsgrensene

UP-sjef Runar Karlsen kjenner godt igjen dei to typane av bilførarar.

– Det er ein del som ser på fartsgrensene som rettleiande. Dette handlar om haldningar til lovleg køyring og forståing av kva som er risiko, seier Karlsen.

Han fortel at dei har som mål å auke innsatsen med fartskontrollar med 10 prosent. Dei vil få opp talet for dei som fylgjer fartsgrensene frå 50 til 70 prosent innan 2021.

– Det er ein stor ambisjon, vedgår han.