Hopp til innhold

Her viser prinsesse Ingrid Alexandra fram den nye numedalsbunaden

Denne veka kunne prinsessa endeleg ta i bruk gåva ho fekk til sin 18-årsdag.

Prinsesse Ingrid Alexandra i brodert numedalsbunad, som var 18-årsgave fra Nore og Uvdal kommune. Her sammen med ordfører Jan Gaute Bjerke og bunadssyer Gunhild Aasen.

Prinsesse Ingrid Alexandra fekk numedalsbunaden i 18-årsgåve frå Nore og Uvdal kommune. Her saman med avtroppande ordførar i kommunen, Jan Gaute Bjerke, og dessutan bunadsyerske Gunhild Aasen.

Foto: Det kongelige hoff

Då prinsesse Ingrid Alexandra fylte 18 for halvtanna år sidan, fekk ho ein bunad i gåve frå Nore og Uvdal kommune. Først tysdag denne veka vart gåva overrekt på Slottet.

Syerska som står bak finstasen var sjølv med på overrekkinga.

– Det var ei stor ære å bli invitert til Slottet. Då vi fekk beskjed om at ho ville ta på seg bunaden vart vi veldig stolte, fortel Gunhild Aasen ved Stoffstugu Bunadssenteret i Numedal.

– Ho strålte då ho fekk på seg bunaden. Prinsessa var veldig fornøgd, fortel Aasen.

Det var Hallingdølen som omtalte saka først.

Den kongelege bunaden låg klar på bunadssenteret i vel eit år, før han vart overlevert.

– Vi har gått og venta på beskjed frå Slottet, fortel Aasen.

Prinsesse Ingrid Alexandra i brodert numedalsbunad, som var 18-årsgave fra Nore og Uvdal kommune. Her sammen med ordfører Jan Gaute Bjerke.

Om ein får sjå prinsesse Ingrid Alexandra i numedalsbunad på slottsbalkongen 17. mai, står att å sjå.

Foto: Det kongelige hoff

Les også Trone, håp og kjærlighet

Prinsesse Ingrid Alexandra

Nært forhold til Numedal

Kronprinsfamilien er tett knytt til Numedal, og ikkje minst Nore og Uvdal kommune. Det var i 2007 kronprinsparet kjøpte to tomter på hyttefeltet Fjellsnaret i Brøstrudlia i Nore og Uvdal. Hytta stod ferdig i slutten av august 2008.

– Vi var på hytta for å prøve bunaden, og var veldig spente på om den passa. Det gjorde han, fortel Gunhild Aasen.

Vi feirer prinsessens 18-årsdag med blant andre Else Kåss Furuset, Stig Brenner og Jonas Gahr Støre. Det blir også intervju med Ingrid Alexandra.

Vi feirar prinsessas 18-årsdag med mellom anna Else Kåss Furuset, Stig Brenner og Jonas Gahr Støre. Det blir også intervju med Ingrid Alexandra.

Men Aasen har ikkje forventningar om å sjå prinsessa i numedalsbunad på slottsbalkongen på sjølvaste nasjonaldagen.

– Det kan eg ikkje rekne med. Ho har jo fleire bunader å velje mellom. Men ho var veldig interessert i høyre om bunaden og tradisjonane, fortel ho.

I samband med prinsesse Ingrid Alexandra sin 18-årsdag delte Kongehuset ein video av kronprinsfamilien på skitur på Imingfjell. Dette fjellpartiet ligg i Nore og Uvdal.